1Då David var gamal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, åt konge yver Israel.
2So kalla han i hop alle hovdingane i Israel og prestane og levitane.
3Levitane vart talde, so mange som var tjuge år gamle eller meir, og talet på dei vart, då kvar karmann vart rekna, åtte og tretti tusund.
4Av desse [sa David] skal fire og tjuge tusund standa fyre arbeidet på Herrens hus, og seks tusund skal vera tilsynsmenner og domarar;
5fire tusund skal vera portvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognene som eg hev late gjera til lovsongen.
6So bytte David dei i skift etter namni på sønene åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.
7Til gersonitane høyrde Ladan og Sime'i.
8Sønene hans Ladan var Jehiel, som var hovdingen, og Setam og Joel - tri i talet.
9Sønene hans Sime'i var Selomot og Hasiel og Haran - tri i talet; dette var hovdingane for Ladans-ættgreinene.
10Og sønene åt Sime'i var Jahat og Sisa og Je'us og Beria; dette var sønene hans Sime'i - fire i talet.
11Jahat var hovdingen, og Sisa den andre. Men Je'us og Beria hadde ikkje mange søner; difor vart dei rekna for EI ættgrein, eitt yrkes-lag.
12Sønene hans Kahat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel - fire i talet.
13Sønene hans Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild - han skulde helgast til å vera høgheilag, både han og sønene hans gjenom alle tider, so dei kunde brenna røykjelse for Herren og tena han og lysa velsigning i hans namn i all æva.
14Men sønene åt Moses, gudsmannen, vert rekna til Levi-ætti.
15Sønene hans Moses var Gersom og Elieser.
16Av Gersoms-sønene var Sebuel hovdingen.
17Av borni åt Elieser var Rehabja hovdingen. Elieser hadde ikkje fleire søner, men sønene hans Rehabja var ovleg mange.
18Av Jishars-sønene var Selomit hovdingen.
19Av Hebrons-sønene var Jerija hovdingen; Amarja var den andre, Jahasiel den tridje og Jekamam den fjorde.
20Av Ussiels-sønene var Mika hovdingen, og Jissija den andre.
21Merari-sønene var Mahli og Musi. Sønene hans Mahli var Eleasar og Kis.
22Då Eleasar døydde, var det ingi søner etter han, berre døtter; men frendane deira, sønene hans Kis, tok dei til konor.
23Sønene hans Musi var Mahli og Eder og Jeremot - tri i talet.
24Dette var Levi-sønene, etter ættgreinene sine, ættehovdingane som dei vart mynstra og talde med namn, mann for mann - dei som stelte med tenesta i Herrens hus, og var tjuge år gamle eller meir.
25For David sa: Herren, Israels Gud, hev gjeve folket sitt ro og hev no bustaden sin i Jerusalem til æveleg tid.
26Difor tarv ikkje heller levitane bera tabernaklet meir, eller noko av det som høyrer til tenesta der.
27For det var etter dei siste fyresegnene frå David at Levi-borni vart talde frå tjugeårsalderen og uppetter.
28Det yrket vart sette til, var å ganga Arons-sønene til handa med tenesta i Herrens hus. Dei skulde hava tilsyn med fyregardane og kovane og syta for at alt det heilage vart halde reint, og greida alt arbeid som fylgde med tenesta i Guds hus -
29stella med skodebrødi og med finmjølet til matofferet og med dei usyrde tunnbrødleivane og med takkone og med det mjølet som skulde knodast, og med alle mål, både holmål og lengdemål.
30Kvar morgon skulde dei standa og lova og prisa Herren, like eins kvar kveld.
31Dei skulde hjelpa til kvar gong det vart bore fram brennoffer for Herren på sabbatane og nymåne-dagane og høgtidene, so mange som fastsett var, etter dei fyresegnene dei hadde fenge - allstødt for Herrens åsyn.
32Soleis skulde dei no gjera alt arbeidet som trongst ved møtetjeldet, og det som laut gjerast ved heilagdomen, og det som laut gjerast for Arons-sønene, brørne deira, i tenesta i Herrens hus.