Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 36

:
Norwegian - SMB
1 Og det hende seg i det fjortande styringsåret åt kong Hizkia, at assyrarkongen Sanherib drog upp imot alle faste borgar i Juda og hertok deim.
2 Og assyrarkongen sende Rabsake frå Lakis til Jerusalem mot kong Hizkia med ein stor her; og han stogga attmed vatsleidingi frå Øvredammen allfarvegen til vaskarvollen.
3 gjekk drottseten Eljakim Hilkiason og riksskrivaren Sebna og kanslaren Joah Asafsson ut til honom.
4 Og Rabsake sagde til deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: «Kva er det for tru som gjer deg so traust?
5 Du tenkjer at berre eit ord gjer råd og dåd i krig! Kven lit du på, sidan du sette upp imot meg?
6 Ja, det er sant, du lit Egyptarland, den brotne røyrstaven som sting hol i handi kvar som styd seg til honom! Soleis er Farao, egyptarkongen, for alle deim som lit honom.
7 Og svarar du meg: «Me lit Herren, vår Gud!» var det ikkje hans offerhaugar og hans altar Hizkia fekk burt han baud Juda og Jerusalem: «Framfor dette altaret skal de bøygja kne?»
8 Gjer eit veddemål med Herren min, assyrarkongen: Eg gjev deg tvo tusund hestar um du kann skaffa folk til å rida deim.
9 Korleis vil du slå attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Og so lit du egyptarane, vognerne og ridarane deira!
10 Trur du det er Herren uvitande når eg kjem hit og øydelegg dette landet? Nei, det var Herren som baud meg: «Drag upp til dette landet og legg det i øyde!»»»»
11 sagde Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: «Tala syrisk til tenarane dine! me skynar det nok; tala ikkje jødisk til oss! folket muren høyrer på.»
12 «Nei,» svara Rabsake, «det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg å tala desse ordi, men nettupp til det folket som sit muren og saman med dykk lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn!»
13 So steig Rabsake fram og ropa høgmælt desse ordi jødisk mål: «Høyr det storkongen, assyrarkongen, talar!
14 So segjer kongen: «Lat ikkje Hizkia narra dykk; han er ikkje i stand til å berga dykk!
15 Lat ikkje Hizkia dykk til å lita Herren, med di han segjer: «Herren hjelper oss for visst, han gjev ikkje denne byen i henderne assyrarkongen.»
16 Høyr ikkje Hizkia! So segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg! gjev dykk yver til meg! So skal de eta kvar av sitt eige vintre og sitt eige fiketre og drikka vatn kvar or sin eigen brunn,
17 til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige, eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar.
18 Lat ikkje Hizkia narra dykk og segja: «Herren bergar oss!» Tru nokon av folkegudarne hev berga sitt land for assyrarkongen?
19 Kvar er gudarne i Hamat og Arpad? Kvar er gudarne i Sefarvajim? Eller hev dei berga Samaria ut or mi hand?
20 Kven av alle gudarne i desse landi hev berga sitt land ut or mi hand, so Herren skulde berga Jerusalem ut or mi hand?»»
21 Og dei tagde og svara honom ikkje eit ord; for so var kongens bod: «Ikkje svara honom!»
22 Eljakim Hilkiason, drottseten, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, kanslaren, kom attende til Hizkia med sundrivne klæde og melde honom ordi hans Rabsake.