Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

2 Chronicles 18

:
Norwegian - SMB
1 Josafat hadde vunne seg rikdom og æra, gjekk han i mågskap med Ahab.
2 Etter nokre år var lidne, drog han ned til Ahab i Samaria, og Ahab let slagta ei mengd med småfe og storfe for honom og mannskapet han hadde med seg; so lokka han honom til å draga upp mot Ramot i Gilead.
3 For Israels-kongen Ahab sagde til Juda-kongen Josafat: «Vil du fara med meg til Ramot i Gilead?» Han svara honom: «Eg som du, og mitt folk som ditt folk, me vil vera med deg i striden.»
4 Men Josafat sagde til Israels-kongen: «Spør like vel fyrst Herrens ord til råds!»
5 stemde Israels-kongen saman profetarne, fire hundrad mann, og spurde deim: «Skal me draga ut og strida mot Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Gud vil gjeva byen i henderne kongen.»
6 Men Josafat spurde: «Er det ikkje endå ein av Herrens profetar her, so me kunde spyrja gjenom honom?»
7 Israels-kongen sagde til Josafat: «Det er endå ein mann som ein kann spyrja Herren ved; men eg hatar honom, for di han spår meg aldri noko godt, men berre vondt alle sine dagar; det er Mika Jimlason.» Josafat sagde: «Soleis ikkje kongen tala!»
8 kalla Israels-kongen ein hirdmann og sagde: «Henta snøgt Mika Jimlason!»
9 Israels-kongen og Juda-kongen Josafat sat klædde i sine skrud kvar sin kongsstol, dei sat treskjevollen ved inngangen til byporten i Samaria, og alle profetarne spådde framfyre deim.
10 Og Sidkia, son åt Kena’ana, gjorde seg horn av jarn og sagde: «So segjer Herren: «Med slike horn skal du stanga syrarane til du tyner deim.»»
11 Og alle profetarne spådde same måten og sagde: «Drag upp til Ramot i Gilead, so skal du siger, og Herren vil gjeva byen i henderne kongen.»
12 Sendemannen som var gjengen og skulde henta Mika, sagde til honom: «Profetarne hev samrøystes lova kongen lukka, lat ordi dine samstavast med deira, og lova lukka du og!»
13 Men Mika svara: «So sant som Herren liver, vil eg berre tala det som min Gud segjer.»
14 han no kom til kongen, sagde kongen til honom: «Mika, skal me draga av stad og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata det vera?» sagde han: «Drag upp, so skal de siger, og dei skal verta gjevne i dykkar vald.»
15 Men kongen sagde til honom: «Kor mange gonger skal eg taka deg i eid at du ikkje vil segja meg anna enn sanningi i Herrens namn?»
16 sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt utyver fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
17 Israels-kongen sagde til Josafat: «Sagde eg deg ikkje at han aldri varslar meg noko godt, berre vondt?»
18 sagde han: «So høyr Herrens ord: Eg såg Herren sitja sin kongsstol, og heile himmelheren stod den høgre og den vinstre sida hans.
19 Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» sagde ein so og ein annan so.
20 Men kom anden fram og stelte seg framfor Herren og sagde: «Eg skal lokka honom!» Herren spurde honom: «Korleis?»
21 Han svara: «Eg vil ganga ut og verta ei ljugarånd i munnen alle profetarne hans.» Og han sagde: «Ja, du skal lokka honom, og du skal og greida det. Gakk av stad, og gjer so!»
22 Sjå no hev Herren lagt ei ljugarånd i munnen desse profetarne dine, men Herren hev varsla ulukka yver deg.
23 kom Sidkia, son åt Kena’ana, fram og slo Mika kinni og sagde: «Kva veg hev Herrens ande fare ifrå meg for å tala med deg?»
24 Men Mika sagde: «Det skal du sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
25 sagde Israels-kongen: «Tak Mika og før honom til byhovdingen Amon og kongssonen Joas,
26 og seg: «Kongen byd dykk at det skal kasta denne mannen i fangehuset og setja honom snaud kost, til kongen kjem heim att med heilo!»»
27 Men Mika sagde: «Kjem du heim att med heilo, hev ikkje Herren tala gjenom meg.» Og so sagde han: «Høyr, de folk, alle saman!»
28 So drog Israels-kongen og Josafat, Juda-kongen, upp til Ramot i Gilead.
29 Men Israels-kongen sagde til Josafat: «Eg vil klæda meg ut fyrr eg gjeng inn i striden, men hav du dine klæde deg!» Og Israels-kongen klædde seg ut, og so gjekk dei inn i striden.
30 Men Syria-kongen hadde gjeve det bodet til hovdingarne for stridsvognerne sine at dei ikkje skulde taka nokon, korkje liten eller stor, men berre Israels-kongen.
31 no hovdingarne fekk stridsvognerne fekk auga Josafat, tenkte dei: «Det er visseleg Israels-kongen!» Og dei kringsette honom og vilde strida. Men Josafat sette i eit høgt rop, og Herren frelste honom; for Gud vende dei burt ifrå honom.
32 Og hovdingarne for stridsvognerne merka at det ikkje var Israels-kongen, drog dei seg burt ifrå honom.
33 Men ein mann som spente bogen og skaut måfå, råka Israels-kongen millom brynjeskøytingarne og brynja. baud han vognstyraren sin: «Snu, og før meg ut or heren! for eg er såra.»
34 Men striden vart hardare og hardare den dagen, og Israels-kongen vart standande i vogni si imot syrarane like til um kvelden; og ved soleglad døydde han.