Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

1 Chronicles 24

:
Norwegian - SMB
1 Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
2 Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar.
3 Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira.
4 Dei kom etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.
5 Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne.
6 Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar.
7 Fyrste luten fall Jojarib, den andre Jedaja,
8 den tridje Harim, den fjorde Seorim,
9 den femte Malkia, den sette Mijamin,
10 den sjuande Hakkos, den åttande Abia,
11 den niande Jesua, den tiande Sekanja,
12 den ellevte Eljasib, den tolvte Jakim,
13 den trettande Huppa, den fjortande Jesebab,
14 den femtande Bilga, den sekstande Immer,
15 den syttande Hezir, den attande Happisses,
16 den nittande Petahja, den tjugande Ezekiel,
17 den ein og tjugande Jakin, den tvo og tjugande Gamul,
18 den tri og tjugande Delaja og den fire og tjugande Ma’azja.
19 Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
20 Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne.
21 Av Rehabja-sønerne var Jissia hovdingen;
22 av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne.
23 Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
24 Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur.
25 Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja.
26 Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son.
27 Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri.
28 Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner.
29 Av sønerne åt Kis var høyrde Jerahme’el,
30 og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira.
31 Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.