Zechariah 10NO2011NN

1Be HERREN om regn i tida for vårregnet. HERREN skaper uvêrsskyer, gjev menneska regnskurer og vokstrar på marka.

2For terafane har tala tomme ord, spåmennene har hatt falske syn og fortalt draumar utan innhald. Trøysta dei gav, var ingenting verd. Difor måtte dei driva omkring som sauer og lida naud, for dei var utan gjetar.

3Mot gjetarane logar harmen min, og bukkane vil eg straffa. Men HERREN over hærskarane vil sjå til flokken sin, Judas hus, og gjera dei til sin stolte stridshest.

4Derifrå kjem hjørnesteinen, derifrå kjem teltpluggen, derifrå kjem stridsbogen, derifrå skal kvar herskar koma.

5Dei skal likna heltar i striden, trampa fienden ned som søle i gata. Dei skal føra krig, for HERREN er med dei. Ryttarane skal bli til skamme.

6Eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus bergar eg. Eg fører dei tilbake, for eg viser dei miskunn. Det skal vera som om eg aldri hadde støytt dei bort, for eg er HERREN deira Gud, eg skal svara dei.

7Dei skal vera som heltar frå Efraim, hjartet deira skal gleda seg som av vin. Borna skal sjå det og gleda seg og hjarta deira jubla i HERREN.

8Eg plystrar på dei og samlar dei, for eg friar dei ut. Dei skal bli mange, slik dei ein gong var.

9Sår eg dei ut mellom folka, skal dei minnast meg langt borte. Dei skal leva saman med borna sine og koma tilbake.

10Eg skal føra dei heim att frå Egypt, og frå Assur skal eg samla dei. Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon, men det finst ikkje nok plass til dei.

11Han skal kryssa det opprørte havet og slå bølgjene ned. Alle djupa i Nilen skal tørkast ut. Det Assur er stolt av, skal støytast ned, septeret skal vika frå Egypt.

12Eg vil gjera dei sterke i HERREN, og dei skal ferdast i hans namn, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.