Romans 15NO2011NN

1Vi som er sterke, må bera veikskapen til dei veike og ikkje tenkja på oss sjølve.

2Kvar og ein av oss skal tenkja på kva som er til beste for nesten, og gjera det som tener til oppbygging.

3For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv. Slik det står skrive: På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.

4Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.

5Må Gud sjølv, som gjev tolmod og trøyst, gje dykk alle same sinn etter Kristi Jesu vilje.

6Då kan de samstemde og med éin munn prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.

7Ta difor imot kvarandre slik Kristus tok imot dykk, til Guds ære.

8For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk,

9men òg for at heidningfolka skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive: Difor vil eg prisa deg mellom folka og lovsyngja ditt namn.

10Og ein annan stad heiter det: Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!

11Og endå ein annan stad: Lovsyng Herren, alle folk, pris han, alle folkeslag!

12Og Jesaja seier: Isais rotskot skal koma, han som reiser seg og rår over folka, til han skal folkeslaga setja si von.

13Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.

14Eg har den tru om dykk òg, mine sysken, at de er fylte av det gode, og at de har kunnskap nok, så de òg kan rettleia kvarandre.

15Likevel har eg nokre stader skrive nokså ope og direkte for å minna dykk om det som de før har høyrt. Eg gjer det i kraft av den nåde Gud har gjeve meg:

16at eg skal vera Kristi Jesu tempelprest mellom folkeslaga. Mi heilage teneste er å forkynna evangeliet, så folkeslaga kan bli ei offergåve til glede for Gud, helga ved Den heilage ande.

17I Kristus Jesus kan eg vera glad og stolt over denne tenesta for Gud.

18Men eg vågar ikkje å tala om anna enn det Kristus har gjort gjennom meg for å føra folkeslaga til lydnad. Dette har eg fått gjera med ord og i gjerning,

19ved mektige teikn og under og ved Andens kraft. Så har eg fullført forkynninga av Kristi evangelium vidt omkring, frå Jerusalem og heilt til Illyria.

20Eg har alltid sett mi ære i å forkynna evangeliet der Kristi namn ikkje er kjent, så eg ikkje skal byggja på ein grunnvoll som andre har lagt,

21men som det står skrive: Dei som ikkje har fått bodskapen om han, skal sjå, og dei som ikkje har høyrt, skal skjøna.

22Det er dette som gong på gong har hindra meg i å koma til dykk.

23Men no er det ikkje meir å gjera for meg i desse landa, og i fleire år har eg lengta etter å koma til dykk

24og så halda fram til Spania. Eg vonar at eg skal få sjå dykk når eg dreg forbi, og at de vil hjelpa meg med det eg treng til reisa dit, når eg først har fått gledd meg ei stund i samværet med dykk.

25Men no dreg eg til Jerusalem med hjelpa til dei heilage der.

26Forsamlingane i Makedonia og Akaia har sagt at dei vil samla inn ei gåve til dei fattige mellom dei heilage i Jerusalem.

27Det vil dei gjerne gjera; dei står òg i gjeld til dei. Dei skyldar å hjelpa dei med materielle gåver når dei sjølve, som heidningar, har fått del i deira åndelege gåver.

28Når eg har fullført dette og fruktene av innsamlinga godt og vel er i deira hender, då reiser eg til Spania og legg vegen om dykk.

29Og eg veit at når eg kjem til dykk, skal eg koma med ein rikdom av Kristi velsigning.

30Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesus Kristus og ved Andens kjærleik: Strid saman med meg ved å be til Gud for meg.

31Be om at eg må bli berga frå dei vantruande i Judea, og at dei heilage i Jerusalem må ta vel imot den hjelpa eg kjem med.

32Då kan eg, om Gud vil, koma til dykk med glede og få kvila ut saman med dykk.

33Fredens Gud vere med dykk alle! Amen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Romans 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.