1Då Lammet braut det sjuande seglet, vart det stilt i himmelen om lag ein halv time.
2Og eg såg dei sju englane som står for Guds andlet, og det vart gjeve dei sju basunar.
3Ein annan engel, som hadde eit røykjelsesfat av gull, kom og stod ved altaret. Og det vart gjeve han ei mengd med røykjelse som han skulle leggja saman med bønene frå alle dei heilage på gullaltaret framfor trona.
4Og frå engelens hand steig det opp for Guds andlet ei sky av røykjelse saman med bønene frå dei heilage.
5Så tok engelen røykjelsesfatet, fylte det med eld frå altaret og kasta elden på jorda. Og det kom torebrak og drønn, lyn og jordskjelv.
6Dei sju englane med dei sju basunane gjorde seg no klare til å blåsa.
7Den første engelen bles i basunen. Då kom det hagl og eld, blanda med blod, og det vart kasta ned på jorda. Tredjedelen av jorda gjekk opp i logar, og tredjedelen av trea brann opp saman med alt det grøne graset.
8Den andre engelen bles i basunen. Då var det som eit stort, brennande fjell vart kasta i havet. Tredjedelen av havet vart til blod,
9og tredjedelen av alle skapningane i havet døydde, og tredjedelen av skipa gjekk under.
10Den tredje engelen bles i basunen. Då fall ei stor stjerne frå himmelen, logande som ein fakkel, og ho fall på tredjedelen av elvane og på vasskjeldene.
11Namnet på stjerna er Malurt. Tredjedelen av vatnet vart til malurt, og mange menneske døydde av vatnet fordi det hadde vorte giftig.
12Den fjerde engelen bles i basunen. Då vart tredjedelen av sola og tredjedelen av månen og tredjedelen av stjernene ramma, så tredjedelen av dei vart mørk, dagen mista tredjedelen av lyset sitt, og natta like eins.
13Og eg såg ei ørn flygande høgt oppe under himmelkvelven, og eg høyrde henne ropa med høg røyst: «Ve! Ve! Ve over dei som bur på jorda når dei tre siste englane lèt basunane sine lyda!»