Revelation 4NO2011NN

1Deretter såg eg, og sjå! — ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona.

3Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd.

4I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet.

5Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder.

6Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall. Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak.

7Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn.

8Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den allmektige, han som var og som er og som kjem.

9Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve,

10fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:

11Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få pris og ære og makt. For du har skapt alt; ved din vilje vart alt til, skapt av deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.