1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.
2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.
3Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.
4Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»
5Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»
6Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.
7Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
8Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»
9Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.»
10I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.
11Byen hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.
12Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv stammane til Israelsfolket.
13Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest.
14Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.
15Han som tala med meg, hadde ei målestong av gull. Med den skulle han måla både byen og portane og muren.
16Byen var bygd som ein firkant, like lang som brei. Og engelen målte byen med målestonga: Han var 12 000 stadiar lang og like brei og høg.
17Så målte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål.
18Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas.
19Grunnsteinane i bymuren var prydde med edelsteinar av alle slag. Den første grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd,
20den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.
21Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata gjennom byen var av reint gull, klår som glas.
22Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der.
23Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans.
24Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine.
25Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der.
26Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen.
27Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.