1Ein salme. Syng ein ny song for HERREN, for han har gjort under! Hans høgre hand og heilage arm har gjeve han siger.
2HERREN har gjort si frelse kjend, openberra si rettferd for auga på folka.
3Han kjem i hug si miskunn, sin truskap mot Israels hus. Heile jorda har sett frelsa frå vår Gud.
4Rop av glede for HERREN, all jorda! Bryt ut i jubel, syng og spel!
5Syng for HERREN og spel på lyre, spel på lyre, lat songen tona,
6spel på trompetar, lat hornet klinga, rop av glede for kongens andlet, for HERREN!
7Havet og alt som fyller det, skal brusa, jorda og dei som bur der.
8Elvane skal klappa i hender og fjella jubla i kor
9for HERRENS andlet. For han kjem og skaper rett på jorda. Han skal dømma verda med rettferd og folka med rett.