1Til korleiaren. Av David. Til påminning.
2Skund deg, Gud, og hjelp meg, HERRE, fri meg ut!
3Lat dei som står meg etter livet, bli til skamme og til spott! Lat dei som vil meg vondt, dra seg tilbake utan ære!
4Lat dei som ler hånleg, snu seg bort i skam.
5Lat alle som søkjer deg, fryda og gleda seg i deg! Lat dei som elskar di frelse, alltid seia: «Stor er Gud!»
6Men eg er hjelpelaus og fattig. Skund deg, Gud! Du er mi hjelp, du bergar meg. HERRE, dryg ikkje lenger!