Psalms 30NO2011NN

1Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.

2Eg opphøgjer deg, HERRE, for du drog meg opp, du lét ikkje fienden fryda seg over meg.

3HERRE, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.

4HERRE, du førte mi sjel opp frå dødsriket, du gav meg liv på nytt då eg var i grava.

5Spel for HERREN, de hans trugne, pris hans heilage namn!

6Ein augneblink varer hans vreide, heile livet varer hans nåde. Om kvelden kjem gråt som gjest, om morgonen blir det gledesong.

7Eg kjende meg trygg og sa: «Aldri skal eg vakla!»

8HERRE, i din velvilje sette du meg på fast fjell; men så løynde du ditt andlet, eg vart gripen av redsle.

9Til deg, HERRE, ropa eg, eg bad til Herren om nåde:

10«Kva tener det til at blodet renn, at eg går i grav? Kan vel støvet prisa deg? Kan det forkynna din truskap?

11Høyr meg, HERRE, ver meg nådig! HERRE, ver mi hjelp!»

12Du vende mi dødsklage til dans, du tok sekkestrien av meg og kledde meg i glede.

13Difor syng eg din pris og er ikkje stille. HERRE, min Gud, eg vil alltid prisa deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.