Psalms 135NO2011NN

1Halleluja! Lovsyng HERRENS namn, syng lovsong, HERRENS tenarar,

2de som står i HERRENS hus, i føregardane til vår Guds hus!

3Pris HERREN, for HERREN er god, lovsyng hans namn, for det er herleg!

4HERREN har valt ut Jakob, gjort Israel til sin eigedom.

5Eg veit at HERREN er stor, vår Herre er større enn alle gudar.

6Alt HERREN vil, det gjer han, i himmelen og på jorda, i havet og i alle djup.

7Han lèt skyer gå opp frå enden av jorda, han lagar lyn og regn og lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

8Han slo dei førstefødde i Egypt, både menneske og dyr.

9Han sende teikn og under mot deg, Egypt, mot farao og alle hans tenarar.

10Han slo mange folkeslag og drap mektige kongar:

11amorittkongen Sihon, kong Og i Basan, og alle kongerike i Kanaan.

12Han gav landet deira til eigedom, til eigedom for Israel, sitt folk.

13HERREN er ditt namn til evig tid, HERREN skal du kallast frå slekt til slekt.

14For HERREN vil skaffa folket sitt rett og ha medkjensle med sine tenarar.

15Gudebileta til folka er sølv og gull, menneskehender har laga dei.

16Dei har munn, men kan ikkje tala, dei har auge, men kan ikkje sjå.

17Dei har øyre, men kan ikkje høyra, det er ikkje ande i deira munn.

18Slik blir også dei som lagar dei, og alle som set si lit til dei.

19Velsign HERREN, Israels hus! Velsign HERREN, Arons hus!

20Velsign HERREN, Levis hus! Velsign HERREN, de som fryktar han.

21Velsigna er HERREN frå Sion, han som bur i Jerusalem. Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 135.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.