1Ein song til festreisene. HERRE, kom i hug David og alt han heldt ut!
2Han svor til HERREN, gav Jakobs Mektige ein lovnad:
3«Eg vil ikkje gå inn i huset mitt, ikkje leggja meg i senga,
4ikkje unna meg blund på auga og ikkje la augneloka kvila
5før eg har funne ein stad for HERREN, ein bustad for Jakobs Mektige.»
6Vi høyrde om paktkista i Efrata, vi fann henne på markene ved Jaar.
7Lat oss gå inn i hans bustad, kasta oss ned for hans fotskammel!
8Reis deg, HERRE, og kom til din kvilestad, du og paktkista, som er din styrke.
9Prestane dine skal kle seg i rettferd, dine trugne skal ropa av fryd.
10For David, din tenar skuld, vis ikkje frå deg den du har salva!
11HERREN har svore til David eit påliteleg ord han ikkje går frå: «Di livsfrukt vil eg setja på trona di.
12Dersom sønene dine held mi pakt og den lov eg vil læra dei, så skal sønene deira òg alltid sitja på di trone.»
13For HERREN har valt ut Sion, henne vil han ha til bustad:
14«Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for henne vil eg ha.
15Maten hennar vil eg velsigna, dei fattige vil eg metta med brød,
16prestane hennar kler eg i frelse, dei trugne skal ropa av fryd.
17Der lèt eg eit horn veksa fram for David, eg steller til ei lampe for den eg har salva.
18Fienden vil eg kle i skam, men på han skal krona stråla.»