Psalms 122NO2011NN

1Ein song til festreisene. Av David. Eg vart glad då dei sa til meg: «Vi vil gå til HERRENS hus.»

2Føtene våre står i portane dine, Jerusalem.

3Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by!

4Dit dreg stammane opp, HERRENS stammar! Det er ei lov for Israel å prisa HERRENS namn.

5Ja, der står troner for dommarar, kongsstolar for Davids hus.

6Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt!

7Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger!

8For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!»

9For tempelet skuld, HERREN vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 122.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.