1Ein song til festreisene. Eg ropa til HERREN i mi naud, og han svara meg.
2HERRE, berg meg frå lepper som lyg, frå tunger fulle av svik!
3Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge, kva meir skal han la deg få?
4Stridsmannens kvasse piler og brennande kol frå gyvelbusken!
5Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek, eg bur mellom Kedars telt!
6Altfor lenge har eg budd mellom folk som hatar fred.
7Eg er fred, men om eg talar, går dei til krig.