Psalms 118NO2011NN

1Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.

2Israel skal seia: Evig varer hans miskunn.

3Arons hus skal seia: Evig varer hans miskunn.

4Dei som fryktar HERREN, skal seia: Evig varer hans miskunn.

5Eg var i trengsle og ropa til HERREN, han svara og førte meg ut i ope land.

6HERREN er med meg, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?

7HERREN er med meg, han hjelper meg, eg kan sjå på dei som hatar meg.

8Det er betre å søkja tilflukt hos HERREN enn å stola på menneske.

9Det er betre å søkja tilflukt hos HERREN enn å stola på fyrstar.

10Alle folkeslag omringa meg, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.

11Dei var omkring meg på alle kantar, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.

12Dei var omkring meg som bier. Dei slokna som eld i klunger, i HERRENS namn slo eg dei tilbake.

13Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla, men HERREN hjelpte meg.

14HERREN er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.

15Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! HERRENS høgre hand gjer storverk,

16HERRENS høgre hand lyfter opp. HERRENS høgre hand gjer storverk.

17Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om HERRENS gjerningar.

18Hardt har HERREN tukta meg, men han overgav meg ikkje til døden.

19Lat rettferds portar opp for meg, eg vil gå inn og prisa HERREN!

20Dette er HERRENS port, her går dei rettferdige inn.

21Eg prisar deg fordi du svara meg, du vart mi frelse.

22Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.

23Dette er HERRENS eige verk, underfullt er det i våre auge.

24Dette er dagen som HERREN har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!

25HERRE, frels! HERRE, lat det lukkast!

26Velsigna er han som kjem i HERRENS namn! Vi velsignar dykk frå HERRENS hus.

27HERREN er Gud, han lyser for oss. Bind festofferet til altarhorna med tau!

28Du er min Gud, eg takkar deg, min Gud, eg opphøgjer deg.

29Takk HERREN, for han er god, evig varer hans miskunn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 118.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.