1Halleluja! Syng lovsong, HERRENS tenarar, pris HERRENS namn!
2Velsigna vere HERRENS namn frå no og til evig tid!
3Der sol går opp og sol går ned, skal HERRENS namn vera lova.
4HERREN er opphøgd over alle folkeslag, hans herlegdom er høgare enn himmelen.
5Kven er som HERREN vår Gud, han som tronar i det høge
6og ser i det djupe — kven i himmelen, kven på jorda?
7Han reiser den veike opp av støvet og lyfter den fattige frå dungen.
8Han gjev dei plass blant stormenn, dei store i sitt folk.
9Den barnlause lèt han bu i huset som lukkeleg mor til ein barneflokk. Halleluja!