Numbers 25NO2011NN

1Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva hor med moabittkvinner.

2Desse kvinnene bad dei til ofringar for gudane sine, og folket åt og tilbad gudane deira.

3Då Israel batt seg til Baal-Peor, flamma HERRENS vreide opp mot Israel.

4Han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp for HERREN under open himmel! Så vil HERRENS brennande vreide venda seg bort frå Israel.»

5Moses sa til dommarane i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene dykkar som har halde seg til Baal-Peor.»

6Men sjå, då kom ein mann, ein av israelittane, med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom sine eigne landsmenn, midt for auga på Moses og heile Israels forsamling, der dei sat og gret ved opninga til teltheilagdomen.

7Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og tok eit spyd.

8Så følgde han etter israelitten inn i soverommet og rende det gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane.

9Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.

10HERREN sa til Moses:

11«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver.

12Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han.

13Med han og etterkomarane hans skal det gjerast ei pakt om presteteneste for all framtid, fordi han viste brennande iver for sin Gud og gjorde soning for israelittane.»

14Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av leiarane i Simon-stammen.

15Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi. Ho var dotter til Sur, som var leiar for ei av slektene i Midjan.

16Sidan sa HERREN til Moses:

17«Gå til strid mot midjanittane og slå dei ned!

18For dei gjekk til strid og la ei listig felle for dykk. Det var dette som hende i saka med Peor og med Kosbi, ho som var dotter til ein midjanittleiar, og ei av deira eigne, og som vart drepen den gongen pesten herja etter saka med Peor.»

19Då pesten var over,

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Numbers 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.