1Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg til faste, kledde i sekkestrie og med mold strødd over seg.
2Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle dei framande. Dei stod fram og sanna syndene sine og fedrane si skuld.
3Ein fjerdepart av dagen stod dei, kvar på sin plass, medan det vart lese opp frå lovboka til HERREN deira Gud. Ein annan fjerdepart av dagen skrifta dei og tilbad HERREN sin Gud.
4Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til HERREN sin Gud.
5Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja: Stå opp, velsign HERREN dykkar Gud, han som er frå æve til æve. Velsigna vere ditt herlege namn, som er høgare enn all lov og pris.
6Du er HERREN, du åleine. Du har skapt himmelen, himmel-himlane med heile hærskaren, jorda og alt som er på henne, havet og alt som er i det. Du gjev alle liv, himmelhæren tilbed deg.
7Du er HERREN Gud som valde ut Abram, som førte han frå Ur i Kaldea og gav han namnet Abraham.
8Du fann at hans hjarte var trufast mot deg, og du gjorde ei pakt med han. Landet til kanaanearane, hetittane, amorittane, perisittane, jebusittane og girgasjittane lova du å gje etterkomarane hans. Og du heldt din lovnad, for du er rettferdig.
9Du såg korleis fedrane vart plaga i Egypt, du høyrde deira skrik ved Sivsjøen.
10Du gjorde teikn og under med farao og tenarane hans og alt folket i landet. For du visste at dei handla i overmot mot fedrane våre. Du skapte deg eit namn som varer til denne dag.
11Du kløyvde sjøen framfor dei, og dei drog gjennom havet på tørr grunn. Men dei som forfølgde dei, kasta du i djupet som stein i det veldige vatnet.
12I ei skysøyle førte du dei om dagen og i ei eldsøyle om natta; ho lyste opp vegen dei skulle gå.
13Du steig ned på Sinai-fjellet og tala til dei frå himmelen. Du gav dei rette ordningar, sanne lover, gode forskrifter og bod.
14Din heilage sabbat kunngjorde du, bod, forskrifter og lov gav du dei gjennom Moses, tenaren din.
15Brød frå himmelen gav du dei mot hungeren, og vatn lét du strøyma frå berget mot tørsten. Du baud dei dra inn og ta landet i eige, det som du med lyft hand hadde lova dei.
16Men dei var hovmodige og stivnakka, fedrane våre, dei høyrde ikkje på dine bod.
17Dei nekta å høyra og hugsa ikkje dine under som du hadde gjort for dei. Dei var stivnakka og tok seg ein leiar for å venda attende til slaveriet i Egypt. Men du er ein Gud som tilgjev, du er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn, og du forlét dei ikkje.
18Dei støypte seg jamvel ein kalv og sa: «Dette er din gud som førte deg opp frå Egypt.» Og dei spotta grovt.
19Men i di store miskunn forlét du dei ikkje i ørkenen. Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen, men førte dei på vegen; og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta, men lyste opp vegen dei skulle gå.
20Du gav dei din gode Ande for at dei skulle få visdom. Du nekta dei ikkje manna til mat og gav dei vatn mot tørsten.
21Du sørgde for dei i førti år, i ørkenen mangla dei ikkje noko. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene hovna ikkje opp.
22Du gav dei folk og kongerike som du lét dei få som grenser. Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon, og landet til Og, kongen i Basan.
23Du gjorde borna deira talrike som stjernene på himmelen. Du førte dei inn i det landet som du hadde sagt at fedrane skulle koma og ta i eige.
24Så kom borna og tok landet i eige. Du kua kanaanearane, dei som budde i landet. Og du gav kongane og folka i landet i deira hender, så dei kunne gjera med dei som dei ville.
25Dei tok festningsbyar og fruktbar jord og tok velfylte hus i eige, utgravne brønnar og vinmarker, olivenlundar og frukttre i mengd. Dei åt og vart mette og feite og naut dine gode gåver.
26Men dei vart trassige og sette seg opp mot deg; dei kasta di lov bak sin rygg. Dei drap profetane dine som åtvara dei og ville føra dei tilbake til deg. Og dei spotta grovt.
27Då gav du dei i hendene på motstandarar som undertrykte dei. Men i trengselstida ropa dei til deg, og du høyrde dei frå himmelen. I di store miskunn sende du utfriarar som frelste dei frå fiendehand.
28Men så snart dei hadde fått ro, gjorde dei igjen det som vondt var i dine auge. Du gav dei over i hendene på fiendar som herska over dei. Dei ropa igjen til deg, og du høyrde det frå himmelen og berga dei gong på gong i di store miskunn.
29Du åtvara dei, for du ville føra dei tilbake til di lov. Men dei var hovmodige og høyrde ikkje på boda dine. Dei synda mot lovene dine, dei som gjev mennesket liv når det følgjer dei. Dei vende ryggen til i trass; dei var stivnakka og ville ikkje høyra.
30Du heldt ut med dei i mange år og åtvara dei ved din Ande gjennom profetane dine. Men dei ville ikkje lytta, så du gav dei i hendene på folka omkring.
31Men i di store miskunn gjorde du ikkje ende på dei, og du forlét dei ikkje. For du er ein mild og nådig Gud.
32Og no, vår Gud, du store, mektige og skremmande Gud, du som held pakta og gjer godt, sjå det ikkje som noko lite, desse harde tidene som har ramma oss, våre kongar og leiarar, våre prestar og profetar, våre fedrar og heile folket, frå assyrarkongane sine dagar og til denne dag.
33Du var rettferdig i alt som kom over oss. For du har vist deg trufast, men vi har gjort urett.
34Kongane og leiarane våre, prestane og fedrane handla ikkje etter di lov. Dei akta ikkje på dine bod og dei åtvaringane du gav dei.
35Sjølv om du gav dei eit eige rike og alle dine gode gåver, sjølv om du gav dei det vide, fruktbare landet, så tente dei deg ikkje og vende seg ikkje bort frå vonde gjerningar.
36Sjå, i dag er vi slavar, vi er slavar i landet du gav fedrane våre så dei skulle eta fruktene og alt det gode der.
37Den rike avlinga går no til kongane som du har sett over oss på grunn av syndene våre. Dei herskar som dei vil over kroppane våre og buskapen vår. Vi er i stor naud.
38På grunn av alt dette gjer vi ein avtale og skriv han ned. Det forsegla skrivet er underskrive av leiarane, levittane og prestane våre.