Micah 1
1 HERRENS ord som kom til Mika frå Moresjet i dei dagane då Jotam, Ahas og Hiskia var kongar i Juda, det han såg om Samaria og Jerusalem.
2 Høyr, alle de folkeslag! Lytt, du jord og alt som fyller deg! Herren GUD skal vera vitne mot dykk, Herren sjølv, frå sitt heilage tempel.
3 Sjå, HERREN går ut frå sin stad, stig ned og skrid fram over høgdene på jorda.
4 Fjella smeltar under han, og dalane rivnar, som voks når det smeltar for elden, som vatn når det renn utfor stupet.
5 Alt dette på grunn av Jakobs opprør og Israels synder! Kva er Jakobs opprør? Samaria! Og kva er Judas offerhøgder? Jerusalem!
6 Men eg skal leggja Samaria i ruinar og gjera byen om til vinmarker. Eg velter steinane ned i dalen og legg grunnvollane hennar berre.
7 Alle gudebileta hennar skal knusast, alle horegåvene skal brennast, og alle avgudsbileta vil eg øydeleggja. Med horepengar har ho samla dei, og til horeløn skal dei bli.
8 Difor må eg klaga og jamra, gå berrføtt og naken omkring, eg held klage som sjakalen, har sorg som strutsen.
9 For skaden hennar kan ikkje lækjast. No står Juda for tur. Det har nådd til mitt folks port, til Jerusalem.
10 Kunngjer det ikkje i Gat! Ikkje gråt og klag! Velt deg i støvet i Bet-Leafra!
11 Dra bort naken og med vanære, du som bur i Sjafir! Ho som bur i Saanan, kjem ikkje ut. I Bet-Ha'esel held dei klage, der får de ikkje støtte.
12 Ho som bur i Marot, ventar på lukke, men ulukke frå HERREN kjem ned ved Jerusalems port.
13 Spenn hestane for vogna, du som bur i Lakisj! Der var opphavet til synd for dotter Sion, for hos deg er Israels opprør å finna.
14 Difor må du gje skilsmissegåve til Moresjet-Gat. Som ein uttørka bekk er husa i Aksib for Israels kongar.
15 Endå ein gong sender eg ein for å hærta deg, du som bur i Maresja. Til Adullam kjem Israels pryd.
16 Klipp deg og rak deg snau for borna du hadde kjær! Klipp deg snau som ein gribb, for dei er førte bort frå deg.