Matthew 26NO2011NN

1Då Jesus var ferdig med heile denne talen, sa han til læresveinane:

2«De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»

3Overprestane og dei eldste i folket kom no saman i bustaden til øvstepresten, som heitte Kaifas,

4og vart samde om å gripa Jesus med list og slå han i hel.

5«Men ikkje under høgtida», sa dei, «for då kunne det bli uro i folket.»

6Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,

7kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords.

8Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?

9Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.»

10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.

11Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.

12Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi.

13Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»

14Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane

15og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.

16Og frå den stunda leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.

17Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?»

18Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»

19Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.

20Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.

21Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»

22Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»

23Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg.

24For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»

25Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.

26Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»

27Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det!

28Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.

29Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»

30Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

31Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å falla ifrå og venda dykk bort frå meg. For det står skrive: Eg skal slå gjetaren, og sauene skal spreiast.

32Men når eg har stått opp att, skal eg gå føre dykk til Galilea.»

33Peter tok til orde og sa: «Om så alle vender seg bort frå deg, skal eg aldri gjera det.»

34Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I natt, før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.»

35Men Peter sa: «Om eg så må døy med deg, skal eg ikkje fornekta deg.» Det same sa alle dei andre læresveinane.

36Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går dit bort og bed.»

37Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han vart gripen av sorg og gru.

38Då sa han til dei: « Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!»

39Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»

40Då han kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så makta de ikkje å vaka med meg ein einaste time?

41Vak og be at de ikkje må koma i freisting! Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

42Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, om ikkje dette begeret kan gå forbi meg, og eg må tømma det, så lat viljen din råda.»

43Då han kom tilbake, såg han at dei hadde sovna til att, for auga deira var tunge av søvn.

44Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad tredje gongen med dei same orda.

45Så kom han tilbake til læresveinane og sa: «Søv de framleis og kviler! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender.

46Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

47Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket.

48Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!»

49Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.

50Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

51Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde øyret av han.

52Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For alle som grip til sverd, skal falla for sverd.

53Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?

54Men korleis kunne då skriftene bli oppfylte, dei som seier at dette må henda?»

55I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og underviste. Då tok de meg ikkje.

56Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde.

57Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.

58Peter følgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene for å sjå korleis det kom til å enda.

59Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitneutsegner mot Jesus så dei kunne få dømt han til døden.

60Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to

61som sa: «Denne mannen har sagt: ‘Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.’»

62Då reiste øvstepresten seg og sa til han: «Har du ikkje noko å seia til vitneutsegnene mot deg?»

63Men Jesus tagde. Då sa øvstepresten: «Eg tek deg i eid ved den levande Gud. Sei oss: Er du Messias, Guds Son?»

64Jesus svara: «Du seier det sjølv. Men det seier eg dykk: Frå no av skal de sjå Menneskesonen sitja ved høgre handa til Den mektige og koma på himmelskyene. »

65Då reiv øvstepresten sund kleda sine og sa: «Han har spotta Gud! Kva skal vi med fleire vitne? No høyrde de gudsspottinga.

66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.»

67Så spytta dei han i andletet og slo han med knyttnevane. Nokre slo han i andletet

68og sa: «No kan du vera profet for oss, Messias. Kven var det som slo deg?»

69Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.»

70Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.»

71Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»

72Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!»

73Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»

74Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen.

75Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Matthew 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.