Mark 10NO2011NN

1Så tok han ut derifrå og kom til Judea og til landet bortanfor Jordan. Folket samla seg atter omkring han, og han underviste dei, slik han hadde for vane.

2Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve.

3«Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus.

4Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.»

5Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet.

6Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.

7Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,

8og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp.

9Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

10Då dei var komne i hus att, spurde læresveinane han om dette.

11Han sa til dei: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna, gjer seg skuldig i ekteskapsbrot mot den første.

12Og om ei kvinne skil seg frå mannen sin og gifter seg med ein annan, bryt ho ekteskapet.»

13Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei, men læresveinane viste dei bort.

14Då Jesus såg det, vart han sint og sa til dei: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

15Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

16Så tok han dei inn til seg, la hendene på dei og velsigna dei.

17Då Jesus skulle fara derifrå, kom det ein mann springande, fall på kne for han og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

18Men Jesus sa til han: «Kvifor kallar du meg god? Ingen er god utan éin — det er Gud!

19Boda kjenner du: Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, du skal ikkje lura til deg noko, æra far din og mor di. »

20Han svara: «Meister, alt dette har eg halde frå eg var ung.»

21Då såg Jesus på han og fekk han kjær. Og han sa: «Éin ting manglar du: Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!»

22Då han høyrde dette, fór det ein skugge over andletet hans, og han gjekk sorgtung bort, for han eigde mykje.

23Då såg Jesus omkring seg og sa til læresveinane sine: «Kor vanskeleg det blir for dei som eig mykje, å koma inn i Guds rike!»

24Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike {{for dei som set si lit til rikdom}}.

25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»

26Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»

27Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg, men ikkje for Gud. Alt er mogleg for Gud.»

28Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg.»

29Jesus svara: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen har forlate hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld

30utan at han skal få det att hundre gonger. Her i denne tida skal han få hus, brør, systrer, mødrer, born og åkrar, men han skal òg bli forfølgd — og i den verda som kjem, skal han få evig liv.

31Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.»

32Dei var no på veg opp til Jerusalem, og Jesus gjekk føre dei. Læresveinane var urolege, og dei som følgde med, var redde. Då samla han atter dei tolv omkring seg og tok til å fortelja dei kva som skulle henda han:

33«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem, og Menneskesonen skal gjevast over til overprestane og dei skriftlærde. Dei skal dømma han til døden og gje han over til heidningane,

34og dei skal spotta han og spytta på han, piska han og slå han i hel. Og tre dagar etter skal han stå opp att.»

35Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, kom til Jesus og sa: «Meister, det er noko vi vil be deg gjera for oss.»

36«Kva vil de at eg skal gjera for dykk?» spurde han.

37Dei svara: «Lat oss få sitja attmed deg i din herlegdom, den eine på høgre og den andre på venstre sida di.»

38«De veit ikkje kva de bed om», sa Jesus. «Kan de drikka det begeret eg drikk, eller døypast med den dåpen eg blir døypt med?»

39«Det kan vi», svara dei. Då sa Jesus til dei: «Det begeret eg drikk, skal de drikka, og den dåpen eg blir døypt med, skal de døypast med.

40Men kven som skal sitja på mi høgre og venstre side, er det ikkje mi sak å avgjera. Der skal dei sitja som det er gjort i stand for.»

41Då dei ti andre høyrde dette, vart dei sinte på Jakob og Johannes.

42Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at dei som blir rekna for å vera fyrstar over folka, undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand.

43Men slik er det ikkje blant dykk. Den som vil bli stor blant dykk, skal vera tenaren dykkar,

44og den som vil vera først blant dykk, skal vera slave for alle.

45For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.

47Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

48Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

49Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.»

50Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus.

51«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!»

52Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Mark 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.