Malachi 1NO2011NN

1Ein bodskap. HERRENS ord til Israel gjennom Malaki.

2«Eg elskar dykk», seier HERREN. Men de seier: «Korleis elskar du oss?» «Var ikkje Esau bror til Jakob?» seier HERREN. «Eg elska Jakob,

3men Esau hadde eg uvilje mot. Eg gjorde fjella hans til ei audn, eigedomen til ein ørken for sjakalar.»

4Edom seier: «Vi er knuste, men byggjer ruinane opp att.» Men så seier HERREN over hærskarane: «Dei byggjer opp, men eg riv ned. Dei skal kallast landet av urett, folket som HERREN er harm på for alltid.»

5De skal sjå det med eigne auge, og de skal seia: «HERREN er stor, ut over Israels grenser.»

6Ein son heidrar far sin, ein slave herren sin. Er eg far, kvar er då min heider, er eg herre, kvar er ærefrykt for meg? seier HERREN over hærskarane til dykk prestar, de som viser forakt for mitt namn. De seier: «Korleis har vi vist forakt for namnet ditt?»

7De ber fram uverdig mat på altaret mitt. De seier: «På kva måte har vi handla uverdig mot deg?» Ved å seia: «HERRENS bord kan vi visa forakt.»

8Når de ber fram eit blindt dyr til offer, er ikkje det gale? Når de kjem med eit dyr som er halt eller sjukt, er ikkje det gale? Kva om du kom med slikt til statthaldaren din? Trur du han då set pris på deg og tek venleg imot deg? seier HERREN over hærskarane.

9Og no, be om velvilje for Guds andlet så han viser oss nåde. Men når det kjem slikt frå dykkar hand, kan han då ta venleg imot deg? seier HERREN over hærskarane.

10Om berre nokon av dykk ville stengja tempeldørene så de ikkje til fånyttes kveikjer eld på mitt altar! Eg har inga glede av dykk, seier HERREN over hærskarane, eg set ikkje pris på offer frå dykkar hand.

11Frå der sol står opp til der sol går ned, er mitt namn stort mellom folkeslaga. Alle stader blir det tent offereld og bore fram reine offer i mitt namn. For namnet mitt er stort mellom folkeslaga, seier HERREN over hærskarane.

12Men de vanhelgar det når de seier at Herrens bord er uverdig, at maten på det er forakteleg frukt.

13De seier: «For eit strev!» og blæs av det, seier HERREN over hærskarane. De kjem med dyr som er røva, og med dyr som er halte eller sjuke, når de kjem med offer. Skulle eg setja pris på noko slikt frå dykkar hand? seier HERREN.

14Forbanna er den som fer med svik, som har eit hanndyr i buskapen og lovar å gje det til Herren, men i staden ofrar eit dyr som er skadd. For eg er ein stor konge, seier HERREN over hærskarane, namnet mitt er frykta mellom folkeslaga.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Malachi 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.