Luke 16NO2011NN

1Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans.

2Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’

3Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved.

4Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’

5Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’

6‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’

7Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.

8Herren rosa den uheiderlege forvaltaren fordi han hadde handla klokt. For born av denne verda steller seg klokare med kvarandre enn det born av lyset gjer.

9Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

10Den som er tru i smått, er òg tru i stort, og den som er uærleg i smått, er òg uærleg i stort.

11Er de ikkje tru når det gjeld den uheiderlege Mammon, kven vil då tru på dykk og gje dykk det som verkeleg er verdt noko?

12Og viser de ikkje truskap med det som høyrer andre til, kven vil då gje dykk noko de sjølve kan eiga?

13Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.»

14Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.

15Då sa han til dei: «De vil gjerne vera rettferdige i menneskeauge, men Gud kjenner hjarta dykkar. Det som menneske set høgt, er ein styggedom i Guds auge.

16Lova og profetane hadde si tid til Johannes kom. Frå den tid er den gode bodskapen om Guds rike forkynt, og alle trengjer på for å koma inn.

17Før skal himmel og jord forgå, før ein einaste prikk i lova fell bort.

18Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei anna kvinne, bryt ekteskapet. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.

19Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.

20Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utanfor porten hans, full av verkjesår.

21Han ønskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet til rikmannen. Hundane kom endåtil og slikka såra hans.

22Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg, og vart gravlagd.

23Då han slo opp auga i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil han.

24Då ropa han: ‘Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan dyppa fingertuppen i vatn og kjøla tunga mi. For eg lid så vondt i denne elden.’

25Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.

26Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’

27Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.

28Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’

29Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’

30‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’

31Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Luke 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.