1Ein gong var Jesus beden til å eta hos ein farisear som var medlem av Rådet. Det var sabbat, og dei heldt auge med han.
2Då stod det framfor han ein mann som leid av vatn i kroppen.
3Jesus spurde dei lovkunnige og farisearane: «Er det tillate å lækja på sabbaten, eller er det ikkje?»
4Dei tagde. Då rørte han ved mannen, gjorde han frisk og lét han gå.
5Så sa han til dei: «Dersom ein av dykk har ein son eller ein okse som dett i brønnen, dreg de han ikkje straks opp, endå om det er sabbat?»
6Dei kunne ikkje svara på dette.
7Då han la merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet, sa han til dei i ei likning:
8«Når du blir beden i gjestebod, så ta ikkje plass øvst ved bordet. For det kan henda at ein som står høgare enn du, er beden,
9og at verten som bad dykk begge, kjem og seier til deg: ‘Gjev rom for denne gjesten!’ Då må du ta plass nedst og skjemmast.
10Nei, når du er beden ein stad, så gå og ta plass nedst ved bordet. Så kan verten seia til deg når han kjem: ‘Flytt deg høgare opp, venen min.’ Då får du ære medan alle gjestene ser på.
11For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»
12Han sa òg eit ord til verten: «Når du vil halda gjestebod til middag eller kvelds, så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. For dei kjem til å be deg att, og dermed får du gjengjeld.
13Nei, når du vil halda gjestebod, så be fattige, uføre, lamme og blinde.
14Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att. Men du skal få løn for dette når dei rettferdige står opp frå dei døde.»
15Ein av gjestene som høyrde dette, sa til han: «Sæl er den som får sitja til bords i Guds rike.»
16Men Jesus sa til han: «Det var ein mann som ville halda eit stort gjestebod og bad mange.
17Då tida for gjestebodet kom, sende han tenaren sin i veg for å seia til dei bedne: ‘Kom, for no er alt ferdig!’
18Men dei kom med orsakingar, alle som ein. Den eine sa: ‘Eg har kjøpt eit jordstykke og må ut og sjå på det. Du må gjera vel og orsaka meg.’
19Ein annan sa: ‘Eg har kjøpt meg fem par oksar, og no skal eg av stad og prøva dei. Du må gjera vel og orsaka meg.’
20Endå ein annan sa: ‘Eg har gift meg, difor kan eg ikkje koma.’
21Tenaren kom att og fortalde dette til herren sin. Då vart husherren sint og sa til han: ‘Gå straks ut på gater og torg i byen og hent inn fattige og uføre, blinde og lamme.’
22Tenaren kom att og sa: ‘Herre, eg har gjort som du sa, men det er enno rom.’
23Då sa herren til tenaren: ‘Gå ut på vegane og stigane og nøyd folk til å koma inn, så huset mitt blir fullt.
24For det seier eg dykk: Ingen av dei som var bedne, skal få smaka festmåltidet mitt.’»
25Store skarar følgde med Jesus. Han snudde seg til dei og sa:
26«Om nokon kjem til meg utan å setja dette høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, høgare enn sitt eige liv, kan han ikkje vera min læresvein.
27Den som ikkje ber krossen sin og følgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.
28Vil ein av dykk byggja eit tårn, set han seg ikkje då først ned og reknar etter kva det vil kosta, for å sjå om han har råd til å fullføra det?
29For har han lagt grunnmuren og ikkje maktar å gjera tårnet ferdig, då vil alle som ser det, gjera narr av han
30og seia: ‘Denne mannen gjekk i gang med å byggja, men han greidde ikkje å fullføra det.’
31Eller om ein konge vil dra i krig mot ein annan konge, set han seg ikkje då først ned og tenkjer etter om han med sine ti tusen mann er sterk nok til å møta den andre, som kjem mot han med tjue tusen?
32Og er han ikkje sterk nok, sender han menn av stad og bed om fred medan fienden enno er langt borte.
33Slik kan ingen av dykk vera min læresvein utan at han seier frå seg alt han eig.
34Salt er ein god ting. Men mistar saltet òg si kraft, korleis kan ein då gjera det salt att?
35Det duger verken i jord eller gjødsel, dei kastar det ut. Den som har øyre å høyra med, høyr!»