1Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.
2Og han sa til dei: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.
3Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.
4Ta ikkje med pengepung, ikkje veske og ikkje skor, og hels ikkje på folk på vegen.
5Men når de kjem inn i eit hus, skal de først seia: ‘Fred vere med denne heimen!’
6Om der bur eit fredens menneske, skal freden dykkar kvila over han. Dersom ikkje, skal freden venda attende til dykk sjølve.
7Bli verande der i huset og et og drikk det dei byd fram! For ein arbeidar er verd si løn. Flytt ikkje frå hus til hus!
8Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!
9Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’
10Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:
11‘Til og med støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha for dykk sjølve, vi børstar det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!’
12Eg seier dykk: På dommedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.
13Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og sete i sekk og oske.
14Men i dommen skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
15Og du, Kapernaum — skal du bli opphøgd like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned!
16Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.»
17Dei syttito kom glade tilbake og sa: «Herre, til og med dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»
18Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.
19Ja, eg har gjeve dykk makt til å trakka på ormar og skorpionar og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.
20Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!»
21I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.
22Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»
23Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser!
24For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»
25Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»
26«Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?»
27Han svara: « Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv. »
28Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»
29Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»
30Jesus tok dette opp og sa: «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.
31Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.
32Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.
33Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han.
34Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han.
35Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’
36Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»
37«Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»
38Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han {{i heimen sin.}}
39Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.
40Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»
41Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.
42Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»