Leviticus 23NO2011NN

1HERREN sa til Moses:

2Tal til israelittane og sei til dei: Dette er HERRENS høgtider, mine fastsette tider då de skal kalla saman til heilage samlingar.

3I seks dagar kan det arbeidast, men den sjuande dagen skal vera sabbat, ein kviledag med heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera sabbat for HERREN alle stader der de bur.

4Dette er HERRENS høgtider, dei fastsette tidene då de skal kalla inn til heilage samlingar.

5Den fjortande dagen i den første månaden, i skumringa, er det påske for HERREN.

6Og den femtande dagen i same månaden er det høgtida med usyra brød for HERREN. I sju dagar skal de eta usyra brød.

7Den første dagen skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

8Alle sju dagane skal de bera fram gåveoffer for HERREN. Den sjuande dagen skal de òg halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

9HERREN sa til Moses:

10Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, og skjer kornet der, då skal de gå til presten med det første kornbandet de har skore.

11Han skal svinga det for HERRENS andlet så de kan vinna velvilje. Dagen etter sabbaten skal presten svinga kornbandet.

12Den dagen de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer for HERREN

13og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels mål fint mjøl blanda med olje. Det er eit gåveoffer for HERREN til godange. Drikkofferet skal vera ein fjerdedels hin vin.

14De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram offergåva til dykkar Gud. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

15Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker.

16De skal telja femti dagar, til dagen etter den sjuande sabbaten. Då skal de bera fram for HERREN eit grødeoffer av den nye grøda.

17Frå bustadene dykkar skal de ta med to brød som skal svingast. Dei skal lagast av to tiandedels mål fint mjøl og bakast med surdeig. Det er førstegrøda for HERREN.

18Attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lam utan feil, ein ung okse og to vêrar som skal vera brennoffer for HERREN, og grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Det er eit gåveoffer til godange for HERREN.

19Så skal de ofra ein geitebukk som syndoffer og to årsgamle lam som fredsoffer.

20Presten skal svinga dei to lamma for HERRENS andlet saman med brøda av førstegrøda. Det er eit svingeoffer for HERRENS andlet. Det skal vera vigd til HERREN og høyra presten til.

21Same dagen skal de kalla inn til samling, ei heilag samling skal det vera for dykk. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Dette skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

22Når de haustar inn kornet i landet, skal du ikkje skjera kornet heilt ut til åkerkanten, og dei aksa som ligg att når du har hausta, skal du ikkje sanka inn. Du skal la dei liggja til dei fattige og innflyttarane. Eg er HERREN dykkar Gud.

23HERREN sa til Moses:

24Tal til israelittane og sei: Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.

25Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram gåveoffer for HERREN.

26HERREN sa til Moses:

27Merk dykk den tiande dagen i denne sjuande månaden, soningsdagen. Det skal vera ei heilag samling for dykk, de skal audmjuka dykk og bera fram gåveoffer for HERREN.

28Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk for HERREN dykkar Guds andlet.

29Kvar den som ikkje audmjukar seg den dagen, skal støytast ut frå folket sitt.

30Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg rydda ut av folket.

31De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

32Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.

33HERREN sa til Moses:

34Tal til israelittane og sei: Frå den femtande dagen i denne sjuande månaden skal de halda lauvhyttefest for HERREN i sju dagar.

35Den første dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

36Sju dagar skal de bera fram gåveoffer for HERREN. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram gåveoffer for HERREN. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid.

37Dette er HERRENS høgtider då de skal kalla inn til heilage samlingar. De skal bera fram gåveoffer for HERREN, brennoffer og grødeoffer, slaktoffer og drikkoffer, kvar dag det som høyrer den dagen til.

38I tillegg kjem HERRENS sabbatar, gåvene og lovnadsoffera dykkar og dei frivillige offera som de gjev HERREN.

39Merk dykk den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet. Då skal de feira HERRENS høgtid i sju dagar. Den første dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.

40Den første dagen skal de ta frukt av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og av piletre ved bekkene, og de skal gleda dykk i sju dagar for HERREN dykkar Guds andlet.

41Kvart år skal de feira høgtid for HERREN i sju dagar. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter. I den sjuande månaden skal de feira denne høgtida.

42Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde i Israel, skal bu i lauvhytter,

43så etterkomarane dykkar skal vita at eg lét israelittane bu i hytter då eg førte dei ut frå Egypt. Eg er HERREN dykkar Gud.

44Moses kunngjorde HERRENS høgtider for israelittane.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Leviticus 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.