Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Judges 9

:
Norwegian - NO2011NN
1 Abimelek, son til Jerubbaal, fór til morbrørne sine i Sikem. Han tala med dei og med heile slekta til morfaren sin og sa:
2 «Gå no til alle menn med makt i Sikem og spør: Kva er best for dykk? Vil de ha sytti mann, alle sønene til Jerubbaal, til å over dykk, eller vil de at berre éin mann skal rå? Kom i hug at eg er av same bein og kjøt som de.»
3 gjekk morbrørne og sa alt dette til alle menn i Sikem. Og hjartet deira vart vunne for Abimelek, for dei sa: «Han er jo ein av våre.»
4 gav dei han sytti sjekel sølv frå tempelet til Baal-Berit. For dei leigde Abimelek nokre simple menn som gjekk og dreiv, og dei følgde han.
5 fór han til huset åt far sin i Ofra. Der drap han brørne sine, sønene til Jerubbaal, sytti mann éin stein. Berre Jotam, yngste sonen til Jerubbaal, vart att, for han hadde gøymt seg.
6 Alle menn med makt i Sikem og alle som var i Bet-Millo, samla seg. Dei gjekk ut og gjorde Abimelek til konge, ved steinstøtte-eika i Sikem.
7 Jotam fekk vita det, gjekk han opp toppen av Garisim-fjellet. Han ropa høgt: Høyr meg, de menn i Sikem, skal Gud høyra dykk!
8 Ein gong gjekk trea for å salva ein konge. Dei sa til oliventreet: «Du skal vera konge over oss!»
9 Men oliventreet svara: «Skulle eg gje avkall oljen min som gudar og menneske blir æra med, og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
10 sa trea til fikentreet: «Kom du og ver konge over oss!»
11 Fikentreet svara: «Skulle eg gje avkall mi søte, gode frukt og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
12 sa dei til vintreet: «Kom du og ver konge over oss!»
13 Vintreet svara: «Skulle eg gje avkall den nye vinen som gjer gudar og menneske glade, og gje meg til å svaia over dei andre trea?»
14 sa alle trea til klungeren: «Kom du og ver konge over oss!»
15 Klungeren svara: «Er det verkeleg slik at de vil salva meg til konge, kom og søk ly i skuggen min! Elles fer det eld ut frå klungeren, og han skal øyda sedrane Libanon.»
16 Har de fare ærleg og trufast fram når de no har gjort Abimelek til konge? Gjorde de vel mot Jerubbaal og ætta hans og lét han som han fortente?
17 Far min stridde for dykk, han våga livet og berga dykk ut av hendene Midjan.
18 Men i dag har de reist dykk mot slekta til far min og drepe sønene hans, sytti mann éin stein. De har gjort Abimelek, som er son til slavekvinna hans, til konge over Sikems menn fordi han er ein av dykk.
19 Har de i dag fare ærleg og trufast fram mot Jerubbaal og ætta hans, gled dykk over Abimelek og lat han gleda seg over dykk!
20 Men har de ikkje det, skal det eld ut frå Abimelek og øydeleggja mennene i Sikem og Bet-Millo. Og eld skal ut frå mennene i Sikem og frå Bet-Millo og øydeleggja Abimelek.
21 rømde Jotam. Han flykta og fór til Beer. Der slo han seg ned Abimelek, bror hans, ikkje kunne han.
22 I tre år styrte Abimelek i Israel.
23 sende Gud ei vond ånd mellom Abimelek og mennene i Sikem, dei sveik Abimelek.
24 Dette hende for at valdsverket som vart gjort mot dei sytti sønene til Jerubbaal, kunne bli hemna. Blodet deira skulle koma både over deira eigen bror Abimelek, han som drap dei, og over mennene i Sikem, som støtta han han kunne drepa brørne sine med eigne hender.
25 Mennene i Sikem la folk i bakhald mot han fjelltoppane, og dei rana alle som fór forbi dei vegen. Dette fekk Abimelek vita.
26 Gaal, son til Ebed, kom til Sikem saman med brørne sine, og mennene i Sikem fekk tillit til han.
27 Dei gjekk ut og hausta vinmarkene sine og pressa druene. heldt dei fest. Dei gjekk inn i tempelet til guden sin, åt og drakk og banna Abimelek.
28 sa Gaal, son til Ebed: «Kven er Abimelek, og kven er Sikem, at vi skulle tena han? Er han ikkje son til Jerubbaal, og er ikkje Sebul tilsynsmannen hans? Ten dei mennene som ættar frå Hamor, far til Sikem! Kvifor skulle vi tena denne mannen?
29 Gjev eg hadde hand om dette folket, skulle eg Abimelek or vegen. skulle eg seia til han: Auk hæren din, Abimelek, og dra ut i strid!»
30 Sebul, hovdingen i byen, fekk høyra kva Gaal, son til Ebed, hadde sagt, vart han rasande.
31 Han sende i løynd bod til Abimelek og sa: «Høyr! Gaal, son til Ebed, er komen til Sikem saman med brørne sine, og dei øser opp byen mot deg.
32 No i natt skal du ta i veg med det folket du har hos deg, og leggja deg i bakhald ute i ope lende.
33 I morgon tidleg, når sola går opp, skal du rykkja fram og ta byen. vil Gaal og folket hans fara ut imot deg, og du kan gjera med han det du maktar.»
34 Abimelek tok ut om natta med alt det folket han hadde, og dei la seg i bakhald mot Sikem i fire grupper.
35 Gaal, son til Ebed, gjekk ut og stod ved inngangen til byporten, kom Abimelek og folket hans fram frå bakhaldet.
36 Gaal fekk auge folket og sa til Sebul: «Sjå, det kjem folk ned frå fjelltoppane!» Sebul svara: «Det er skuggen av fjella du tek for menneske.»
37 Men Gaal heldt fram: «Jau, det kjem folk ned frå verdsens navle, og ein annan flokk kjem vegen frå Spåmannseika.»
38 sa Sebul til han: «Kvar er no dei store orda dine? Var det ikkje du som sa: Kven er Abimelek, at vi skulle tena han? Sjå, her kjem desse folka du vørde lite. Dra no ut og kjemp mot dei!»
39 drog Gaal ut i spissen for mennene i Sikem og kjempa mot Abimelek.
40 Men Abimelek sette etter han og dreiv han flukt. Mange fall; det låg drepne heilt bort til byporten.
41 Sidan slo Abimelek seg ned i Aruma. Og Sebul dreiv Gaal og brørne hans bort; dei fekk ikkje bu i Sikem.
42 Dagen etter skulle Sikem-folket ut marka. Abimelek fekk vita det,
43 delte han hæren sin i tre flokkar og la seg i bakhald ute i ope lende. han såg at folka kom ut av byen, sette han dei og slo dei.
44 Abimelek og flokken som følgde han, sprang og stilte seg ved inngangen til byporten, medan dei to andre flokkane tok alle som var ute marka, og hogg dei ned.
45 Abimelek kjempa mot byen heile dagen. Han tok byen, og folket som var der, slo han i hel. Byen reiv han ned og sådde han til med salt.
46 mennene i Sikem-borga høyrde det, gjekk dei alle inn i kjellarrommet under El-Berit-tempelet.
47 snart Abimelek fekk vita at alle menn i Sikem-borga hadde samla seg,
48 gjekk han opp Salmon-fjellet med alle mennene sine. Abimelek greip tak i ei øks og hogg greiner av trea. Han lyfte dei opp og la dei skuldra. sa han til folka sine: «De ser kva eg har gjort. Skund dykk og gjer som eg.»
49 Alt folket hogg kvar si bør med greiner og følgde etter Abimelek. Dei la greinene over kjellarrommet og sette fyr dei over hovudet dei som var der. Slik mista dei livet, alle som var i Sikem-borga òg, om lag tusen menn og kvinner.
50 Sidan gjekk Abimelek mot Tebes. Han kringsette byen og tok han.
51 Midt i byen var det eit festningstårn. Dit rømde alle menn og kvinner og alle dei mektige i byen. Dei stengde etter seg og gjekk opp tårntaket.
52 Abimelek gjekk fram mot tårnet og ville ta det. Men han kom inntil porten i tårnet og ville setja eld han,
53 var det ei kvinne som kasta ein kvernstein i hovudet Abimelek skallen hans vart knust.
54 Han ropa snøgt til våpenberaren sin: «Dra sverdet og drep meg, det ikkje skal seiast at ei kvinne slo meg i hel!» stakk tenaren sverdet gjennom han, og han døydde.
55 israelittane såg at Abimelek var død, gjekk dei heim, kvar til sitt.
56 Såleis gav Gud Abimelek like for det vonde han gjorde mot far sin han drap dei sytti brørne sine.
57 Og alt det vonde som mennene i Sikem hadde gjort, lét Gud koma att over hovuda deira. Den forbanninga som Jotam, son til Jerubbaal, hadde lyst, kom over dei.