Judges 11NO2011NN

1Jefta frå Gilead var ein djerv krigar. Han var son til ei prostituert kvinne, og Gilead var far til Jefta.

2Med kona si hadde Gilead òg søner. Då desse sønene vart vaksne, jaga dei Jefta bort og sa til han: «Du får ikkje noko av arven etter far vår, for du er son til ei anna kvinne.»

3Då rømde Jefta for brørne sine og slo seg ned i Tob-landet. Nokre simple menn som gjekk og dreiv, samla seg om Jefta og drog ut med han på tokta hans.

4Ei tid etter gjekk ammonittane til krig mot Israel.

5Då ammonittane gjekk til åtak på israelittane, tok dei eldste i Gilead ut og ville henta Jefta heim frå Tob.

6Dei sa til Jefta: «Kom og ver hærføraren vår, så vil vi kjempa mot ammonittane.»

7Men Jefta sa til dei eldste i Gilead: «Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg bort frå farshuset mitt? Kvifor kjem de til meg no når de er i naud?»

8Dei eldste frå Gilead svara Jefta: «Det er då difor vi vender oss til deg att. Går du med oss og kjempar mot ammonittane, skal du vera hovdingen vår og rå over alle som bur i Gilead.»

9Då sa Jefta til dei eldste i Gilead: «Om de tek meg med heim for å kjempa mot ammonittane og HERREN gjev dei i mi makt, skal eg vera hovdingen dykkar.»

10Dei eldste i Gilead svara: «HERREN skal vera vitne mellom oss om vi ikkje gjer som du seier.»

11Då gjekk Jefta med dei eldste i Gilead, og folket gjorde han til hovding og hærførar. Framfor HERREN i Mispa tok Jefta opp att alt han hadde sagt.

12Jefta sende bod til ammonittkongen og sa: «Har vi noko uoppgjort med kvarandre sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?»

13Ammonittkongen svara sendemennene frå Jefta: «Då Israel kom frå Egypt, tok dei landet mitt mellom Arnon og Jabbok, heilt bort til Jordan. Lat meg no få det att med det gode!»

14Endå ein gong sende Jefta bod til ammonittkongen

15og sa til han: Så seier Jefta: Israel har ikkje teke landet frå Moab eller ammonittane.

16Då Israel drog opp frå Egypt, gjekk dei gjennom ørkenen til Sivsjøen og kom til Kadesj.

17Då sende Israel bod til kongen i Edom og sa: «Lat oss få fara gjennom landet ditt!» Men kongen i Edom høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei òg bod. Men heller ikkje han ville høyra på dei. Så gav Israel seg til i Kadesj.

18Då dei sidan heldt fram gjennom ørkenen, fór dei utanom Edom og Moab. Dei nådde områda aust for Moab og slo leir på hi sida av Arnon. Dei kom ikkje inn på Moabs grunn, for Arnon er grensa mot Moab.

19Så sende Israel bod til kongen i Hesjbon, amorittkongen Sihon, og sa til han: «Lat oss få fara gjennom landet ditt, så vi kjem dit vi skal.»

20Men Sihon trudde ikkje Israel så vel at han torde la dei fara gjennom landet sitt. Difor samla han heile hæren sin og slo leir ved Jahsa. Så gjekk han til krig mot Israel.

21Men HERREN, Israels Gud, gav Sihon og heile hæren hans i hendene på israelittane, og Israel slo dei. Så tok Israel heile landet til amorittane som budde der.

22Heile amorittlandet tok dei, frå Arnon til Jabbok og frå ørkenen til Jordan.

23Det er HERREN, Israels Gud, som har drive amorittane bort og gjeve landet til Israel, folket sitt. Og no vil du driva dei bort!

24Er det ikkje slik at det som Kemosj, guden din, lèt deg ta, det tek du, og alt det HERREN vår Gud lèt oss ta, det tek vi?

25Er du så mykje betre enn Balak, son til Sippor, Moab-kongen? Stridde han mot Israel? Gjekk han til åtak på dei?

26No er det tre hundre år sidan Israel busette seg i Hesjbon og byane der omkring, i Aroer og byane der omkring og i alle byane langsmed Arnon. Kvifor har de ikkje teke dei att i heile denne tida?

27Eg har ikkje synda mot deg; men du gjer meg stor urett når du no går til krig mot meg. HERREN, som er dommaren, skal i dag dømma mellom israelittane og ammonittane.

28Men ammonittkongen ville ikkje høyra på det sendemennene frå Jefta sa til han.

29Då kom HERRENS ande over Jefta, og han fór gjennom Gilead og Manasse. Han fór heilt til Mispa i Gilead, og derifrå drog han ut mot ammonittane.

30Og Jefta gav HERREN ein lovnad og sa: «Gjev du ammonittane i mine hender,

31så skal den første som går ut gjennom husdøra mi og møter meg når eg kjem velberga tilbake frå krigen mot ammonittane, høyra HERREN til. Eg skal bera han fram som brennoffer.»

32Så drog Jefta ut og kjempa mot ammonittane, og HERREN gav dei over i hans hender.

33Han slo dei og tok landet frå Aroer til bort imot Minnit, med tjue byar, og området heilt til Abel-Keramim. Det vart eit stort mannefall, og ammonittane måtte bøya seg under israelittane.

34Då Jefta kom heim att til Mispa, gjekk dotter hans ut imot han med handtrommer og dans. Ho var einaste barnet hans; utanom henne hadde han verken son eller dotter.

35Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund kleda sine og ropa: «Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg har gjeve HERREN ein lovnad, og eg kan ikkje ta att ordet mitt.»

36Då sa ho til han: «Far, har du gjeve HERREN ein lovnad, så gjer med meg som du har sagt, sidan HERREN lét deg få hemn over ammonittane, fiendane dine.

37Men éin ting ville eg gjerne at du gav meg lov til», sa ho til far sin. «Lat meg få vera fri i to månader, så eg kan gå omkring på fjella med veninnene mine og gråta over at eg må døy som jomfru.»

38«Gå du!» svara han, og han lét henne vera borte i to månader. Så gjekk ho på fjella med veninnene sine og gret over jomfrudomen sin.

39Men då dei to månadene var til ende, kom ho heim att til far sin, og han gjorde med henne det som han hadde lova. Ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan har det vore ein skikk i Israel

40at israelittiske døtrer fire dagar i året går ut og syng klagesongar til minne om dotter til Jefta frå Gilead.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Judges 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.