Joshua 5NO2011NN

1Då alle amorittkongane på vestsida av Jordan og alle kanaanearkongane ute ved havet høyrde at HERREN hadde tørka ut vatnet i Jordan til israelittane hadde kome seg over, smelta hjartet deira bort, og dei mista motet på grunn av israelittane.

2På den tida sa HERREN til Josva: «Lag deg nokre flintknivar og omskjer israelittane på nytt.»

3Då laga Josva flintknivar og omskar israelittane ved Haaralot-høgda.

4Dette er grunnen til at Josva omskar dei: Heile folket som drog frå Egypt, det vil seia mennene, alle krigarane, hadde døydd i ørkenen på veg ut frå Egypt.

5Alle som drog ut, var omskorne, men ingen av dei som var fødde på ferda gjennom ørkenen etter at dei drog ut frå Egypt, hadde vorte omskorne.

6I førti år gjekk israelittane omkring i ørkenen, til alle krigarane som hadde drege ut frå Egypt, var døde. Dei ville ikkje lyda HERRENS ord. Difor svor HERREN at han ikkje ville la dei få sjå det landet han med eid hadde lova fedrane deira å gje oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.

7Det var sønene deira, som HERREN hadde late veksa opp i deira stad, Josva omskar. Dei hadde forhud, sidan dei ikkje hadde vorte omskorne på ferda.

8Då så heile folket var omskore, heldt dei seg i ro i leiren til dei vart friske att.

9HERREN sa til Josva: «I dag har eg velta vanæra frå Egypt av dykk.» Difor vart staden kalla Gilgal, og det heiter han den dag i dag.

10Medan israelittane låg i leir ved Gilgal, heldt dei påske der på Jeriko-slettene, om kvelden den fjortande dagen i månaden.

11Og dagen etter påske, akkurat den dagen, åt dei av grøda i landet: usyra brød og rista korn.

12Frå den dagen vart det slutt på mannaen. Sidan israelittane no kunne eta av grøda i landet, fekk dei ikkje meir manna. Det året åt dei av avlinga frå Kanaans land.

13Ein gong Josva var ved Jeriko, hende dette: Best han såg opp, fekk han auge på ein mann som stod beint framfor han med eit drege sverd i handa. Josva gjekk bort til han og sa: «Er du med oss eller med fiendane våre?»

14Mannen sa: «Nei, eg er føraren for HERRENS hær. No er eg komen.» Då fall Josva ned med andletet mot jorda og sa: «Kva har herren min å seia tenaren sin?»

15Føraren for HERRENS hær svara Josva: «Ta skorne av føtene, for staden du står på, er heilag.» Det gjorde Josva.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Joshua 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.