Joshua 3NO2011NN

1Tidleg neste morgon braut Josva og alle israelittane opp frå Sjittim, og dei kom til Jordan. Der slo dei leir før dei kryssa elva.

2Etter tre dagar gjekk tilsynsmennene gjennom leiren

3og gav folket dette påbodet: «Når de ser at levittprestane lyfter opp paktkista til HERREN dykkar Gud, skal de bryta opp og følgja etter henne.

4Men hald ein avstand på om lag to tusen alner. Kom henne ikkje for nær! Slik kan de vita kva veg de skal gå, for de har aldri gått den vegen før.»

5Josva sa til folket: «Gjer dykk reine og heilage! For i morgon vil HERREN gjera under blant dykk.»

6Og til prestane sa han: «Lyft opp paktkista og gå over elva føre folket!» Då lyfte dei paktkista opp og gjekk føre folket.

7HERREN sa til Josva: «Frå i dag vil eg gjera deg stor i auga til heile Israel, så dei skal forstå at eg er med deg slik eg var med Moses.

8Du skal seia til prestane som ber paktkista, at dei skal stansa ved elvebredda når dei kjem til Jordan.»

9Josva sa til israelittane: «Kom hit og høyr orda frå HERREN dykkar Gud!»

10Josva sa: «Av dette skal de skjøna at den levande Gud er midt iblant dykk, og at han for dykkar skuld vil ta landet frå kanaanearane og hetittane, hevittane, perisittane, girgasjittane, amorittane og jebusittane:

11Paktkista til han som er herre over heile jorda, skal gå føre dykk over Jordan.

12Vel no ut tolv menn frå stammane i Israel, ein frå kvar stamme.

13Når prestane som ber kista for HERREN, som er herre over heile jorda, set føtene ned i vatnet i Jordan, då skal vatnet i elva renna bort, og det som strøymer til ovanfrå, skal stå som ein voll.»

14Folket braut opp frå telta sine for å gå over Jordan, og prestane som bar paktkista, gjekk føre folket.

15Jordan fløymer over sine bredder i heile innhaustingstida. Men då prestane som bar kista, kom fram til Jordan og braut vassflata med føtene,

16stansa vatnet som strøymde til ovanfrå, og reiste seg som ein voll oppe ved Adam, den byen som ligg i nærleiken av Saretan, medan det vatnet som rann ned i Araba-sjøen, som blir kalla Saltsjøen, vart heilt borte. Folket kryssa elva rett imot Jeriko.

17Prestane som bar HERRENS paktkiste, vart ståande trygt på den tørre botnen midt i Jordan medan alle israelittane gjekk tørrskodde over, heilt til alt folket var kome over Jordan.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Joshua 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.