Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jonah 2

:
Norwegian - NO2011NN
1 HERREN sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken fisken i tre dagar og tre netter.
2 Jona bad til HERREN sin Gud frå buken fisken.
3 Han sa: Eg kalla HERREN i mi naud, og han svara meg. Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket, og du høyrde meg.
4 Du kasta meg i djupet midt ute havet, straumen omgav meg. Alle dine brot og bølgjer slo over meg.
5 Eg tenkte: Eg er driven bort frå dine auge. Skal eg aldri meir lyfta blikket mot ditt heilage tempel?
6 Vatnet lukka seg om strupen, djupet kringsette meg, sivet vikla seg om hovudet.
7 Til foten av fjella sokk eg ned. Bommane til portane jord slo att bak meg for alltid. Men du, HERRE, min Gud, førte meg levande opp or grava.
8 livet mitt svann bort, hugsa eg HERREN, og bøna mi nådde til deg, til ditt heilage tempel.
9 Dei som held seg til vind og fåfengd, har svikta sin kjærleik.
10 Men eg vil ofra til deg med takkesong. Det eg har lova, vil eg halda. Frelsa kjem frå HERREN.
11 tala HERREN til fisken, og han spydde Jona opp tørt land.