1Sidan drog Jesus omkring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea, for jødane prøvde å drepa han.
2Så nærma lauvhyttefesten seg, ei av høgtidene til jødane.
3Då sa brørne hans til han: «Dra herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningane du gjer.
4For ingen som vil bli kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»
5For heller ikkje brørne hans trudde på han.
6Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid rette tida.
7Verda kan ikkje hata dykk, men meg hatar ho fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.
8Dra de opp til høgtida; eg dreg ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»
9Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.
10Men då brørne hans hadde drege opp til høgtida, drog han òg dit, ikkje openlyst, men i løynd.
11Jødane leita etter han under høgtida og spurde: «Kvar er han?»
12Og det vart mykje snakk om han mellom folket. Somme sa: «Han er eit godt menneske.» Andre sa: «Nei, han fører folket vill.»
13Men ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.
14Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og tok til å undervisa.
15Jødane undra seg og sa: «Korleis kan han ha slik kunnskap, han som ikkje har fått noka opplæring?»
16Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.
17Den som vil gjera hans vilje, han skal få kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar ut frå meg sjølv.
18Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære, men den som søkjer ære for den som har sendt han, han talar sant, og det finst ikkje urett i han.
19Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?»
20«Du har ei vond ånd i deg», svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»
21Jesus svara: «Ei einaste gjerning har eg gjort, og så undrar de dykk, alle saman.
22Moses har gjeve dykk omskjeringa — ho er eigentleg ikkje frå Moses, men frå fedrane — og de omskjer til og med på ein sabbat.
23Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då vonde på meg fordi eg har gjort heile mennesket friskt på ein sabbat?
24Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»
25Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa?
26Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?
27Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.»
28Då ropa Jesus ut medan han underviste på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv. Nei, han som har sendt meg, er truverdig, men han kjenner de ikkje.
29Men eg kjenner han, for eg kjem frå han, og han har sendt meg.»
30Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje timen hans komen.
31I folket var det mange som tok til å tru på han, og dei sa: «Når Messias kjem, vil han då gjera fleire teikn enn denne mannen har gjort?»
32Farisearane høyrde alt snakket om han blant folk, og overprestane og farisearane sende ut nokre av mennene sine som skulle gripa han.
33Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hos dykk, så fer eg til han som har sendt meg.
34De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.»
35Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og undervisa grekarar?
36Kva meiner han med det han sa: ‘De skal søkja meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma’?»
37Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka.
38Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»
39Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.
40Somme i folkemengda sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.»
41Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?
42Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»
43Slik splitta folket seg i flokkar for hans skuld.
44Somme av dei ville gripa han, men ingen la hand på han.
45Då vaktene kom att, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?»
46Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.»
47«Har de òg late dykk føra vill?» sa farisearane.
48«Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller nokon av farisearane?
49Men denne folkehopen som ikkje kjenner lova — dei er forbanna.»
50Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus:
51«Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?»
52«Er du òg frå Galilea, kanskje?» svara dei. «Sjå etter i Skrifta, så skal du få sjå at det ikkje har stått fram nokon profet frå Galilea.»
53{{Så gjekk dei heim, kvar til seg,