1Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han.
2Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.
3Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, jødekonge!» Og dei slo han i andletet.
4På nytt gjekk Pilatus ut av borga og sa til folket: «No fører eg han ut til dykk, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hos han.»
5Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus seier til dei: «Sjå det mennesket!»
6Men då overprestane og vaktmennene fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hos han.»
7Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»
8Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.
9Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.
10«Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?»
11Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.»
12Etter dette ville Pilatus gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje ven med keisaren. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»
13Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i dommarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.
14Det var helgaftan før påske, omkring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå kongen dykkar!»
15Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren», svara overprestane.
16Då gav han Jesus over til dei så han skulle krossfestast. Så tok dei Jesus med seg.
17Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
18Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei.
19Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.
21Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.»
22Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned.
24Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle {{dette ordet i}} Skrifta oppfyllast: Dei delte kleda mine mellom seg og kasta lodd om kappa. Dette gjorde soldatane.
25Innmed Jesu kross stod mor hans og syster til mor hans, Maria, som var gift med Klopas, og Maria Magdalena.
26Då Jesus fekk auge på mor si og såg at den læresveinen han hadde kjær, stod attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, sjå, der er son din.»
27Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.
28Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tørst.»
29Det stod eit kar med vineddik der. Av den vinen fylte dei ein svamp som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans.
30Då Jesus hadde fått vineddiken, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.
31Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned.
32Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.
33Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein.
34Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.
35Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.
36Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han.
37Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
38Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen.
39Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund.
40Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane.
41På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i.
42Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær.