Joel 3NO2011NN

1Ein gong skal det henda at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei gamle skal drøyma draumar, og dei unge skal sjå syn.

2Sjølv over slavar og slavekvinner vil eg ausa ut min Ande i dei dagane.

3Eg set varsel på himmel og jord, blod og eld og røyksøyler.

4Sola blir omskapt til mørker og månen til blod før HERRENS dag kjem, den store og skremmande.

5Då skal kvar den som kallar på HERRENS namn, bli berga. For på Sion-fjellet og i Jerusalem skal det finnast berging, som HERREN har sagt. Og mellom dei overlevande er dei som HERREN kallar.

6For sjå, i dei dagane og på den tida, når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,

7då vil eg samla alle folkeslag og føra dei ned i Josjafat-dalen. Der vil eg halda rettargang med dei om Israel, mitt folk og min eigedom, som dei spreidde mellom folka. Dei delte landet mitt

8og kasta lodd om folket mitt, dei gav ein gut for ei hore og selde ei jente for vin, og den drakk dei opp.

9Så, kva vil de meg, Tyros og Sidon og alle filistarbygder? Vil de ta igjen for noko eg har gjort? Gjer de meg noko vondt, skal eg straks la det koma over dykkar eige hovud,

10for de tok sølvet og gullet mitt og førte bort mine dyraste skattar til dykkar eigne tempel,

11de selde folket i Juda og Jerusalem til jonarane for å føra dei langt bort frå landet sitt.

12Sjå, no vekkjer eg dei frå staden de har selt dei til, og lèt det de har gjort, koma over dykkar eige hovud.

13Og eg vil la judearane selja sønene og døtrene dykkar. Dei skal selja dei til sabearane, eit folk langt borte. For HERREN har tala.

14Rop dette ut mellom folka, lys heilag krig, vekk krigarane! Lat alle stridsmenn møta fram og dra ut!

15Smi plogskjera om til sverd og vingardsknivane til spyd! Den veike skal seia: «Eg er ein helt.»

16Skund dykk og kom! Kom saman, alle folkeslag, frå alle kantar, HERRE, før dine krigarar ned!

17Folkeslaga skal bryta opp og fara til Josjafat-dalen, for der vil eg sitja til doms over folk frå alle kantar.

18Send sigden ut, for hausten er mogen, kom og trakk, for vinpressa er full, pressekummane fløymer over, for vondskapen deira er stor.

19Larm og atter larm i Dommens dal, for HERRENS dag er nær i Dommens dal.

20Sol og måne svartnar, og stjernene mistar sin glans.

21HERREN skal brøla frå Sion, la røysta ljoma frå Jerusalem, himmel og jord skal skjelva. Men HERREN er eit vern for sitt folk, ei borg for Israels born.

22Då skal de kjenna at eg er HERREN dykkar Gud som bur på Sion, mitt heilage fjell. Jerusalem skal vera ein heilag stad, der skal framande aldri meir koma inn.

23Den dagen skal det skje at fjella dryp av druesaft og haugane fløymer med mjølk, og i alle bekkefar i Juda skal det renna vatn. Ei kjelde skal vella fram frå HERRENS hus og vatna Akasiedalen.

24Egypt skal bli til ei øydemark og Edom til ein aud ørken på grunn av valdsverket mot judearane, fordi dei spilte skuldlaust blod i sine land.

25Men i Juda skal det alltid bu folk, og i Jerusalem slekt etter slekt.

26Eg vil hemna deira blod og ikkje spara dei skuldige. HERREN bur på Sion.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Joel 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.