1Då svara HERREN Job ut av stormen og sa:
2Kven er dette som formørkjer min plan med uforstandige ord?
3Spenn beltet om livet som ein mann, så vil eg spørja deg, og du skal svara:
4Kvar var du då eg grunnla jorda? Fortel det, om du veit det!
5Kven har fastsett hennar mål — det veit du vel? Kven drog målesnora over henne?
6Kvar vart pilarane under jorda slegne ned, og kven la hjørnesteinen
7medan alle morgonstjerner jubla og alle gudesøner ropa av fryd?
8Kven stengde for havet med portar då det fossa fram frå morslivet,
9då eg kledde havet med skyer og sveipte det i skodde,
10då eg sette grense for det, stengde med slå for porten?
11Eg sa: «Hit kjem du, men ikkje lenger. Her skal dei stolte bølgjene dine brytast.»
12Har du nokon gong kalla morgonen fram eller vist morgonròden staden hans
13så han kan ta tak i endane av jorda og rista dei lovlause bort?
14Då blir jorda omforma som leire under eit stempel, alt står fram som i ny drakt.
15Dei urettferdige mistar det lyset dei hadde. Armen dei lyfte, blir knust.
16Har du nådd fram til havsens kjelder? Har du gått rundt på botnen av urdjupet?
17Har dødens portar synt seg for deg, har du sett dødsskuggens dører?
18Forstår du viddene på jorda? Sei frå om du kjenner alt dette.
19Kvar går vegen til bustaden for lyset, og kvar held mørkret til?
20Du kan føra mørkret til landet der det bur, om du kjenner stigane dit!
21Du veit det, for du var vel fødd den gongen! Ja, dine dagars tal er stort.
22Har du nådd fram dit snøen har sitt kammer, og sett lageret med hagl
23som eg sparer til trengselstider, til dagen med kamp og krig?
24Kvar går vegen dit lyset deler seg og austavinden blæs ut over jorda?
25Kven laga laup for styrtregnet, veg for tore og brak,
26så det regna over land der ingen bur, i ørkenen der det ikkje er menneske?
27Regnet metta det aude landet så graset grodde grønt.
28Har regnet ein far? Kven har avla doggdropane?
29Kva for eit morsliv kjem isen frå? Kven har fødd rimet som fell frå himmelen?
30Vatnet kler seg ut som stein, overflata av djupet blir dekt av is.
31Kan du knyta Sjustjerne-bandet eller løysa Orions lenkjer?
32Fører du stjernebileta fram i rett tid, leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33Kjenner du himmelens lover? Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34Kan du lyfta røysta di til skyene slik at vatnet fløymer ned over deg?
35Kan du senda ut lyn så dei fer av stad og seier til deg: «Her er vi»?
36Kven gjev visdom til ibisfuglen og forstand til hanen?
37Kven er så vis at han kan telja skyene? Kven heller vatn or himmelkrukkene
38når molda storknar som malm og jordklumpane klistrar seg saman?