1Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN:
2Still deg i porten til HERRENS hus. Der skal du ropa ut dette ordet og seia: Høyr HERRENS ord, heile Juda, de som går inn gjennom desse portane for å tilbe HERREN.
3Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Gjer vegane og gjerningane dykkar gode, så vil eg la dykk bu på denne staden.
4Stol ikkje på dei falske orda: «HERRENS tempel, HERRENS tempel, HERRENS tempel!»
5Men om de verkeleg gjer vegane og gjerningane dykkar gode, om de gjer rett mot kvarandre,
6ikkje undertrykkjer innflyttarar, farlause og enkjer, ikkje auser ut skuldlaust blod på denne staden og ikkje følgjer andre gudar til skade for dykk sjølve,
7då vil eg la dykk bu på denne staden, i det landet eg gav fedrane dykkar, frå evig tid og til evig tid.
8Sjå, de stolar på falske ord som ikkje kan hjelpa.
9De stel, slår i hel, bryt ekteskapet, sver falskt, tenner offereld for Baal og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.
10Og så vil de koma og stå for mitt andlet i dette huset som namnet mitt er ropa ut over, og seia: «Vi er berga», sjølv om de gjer alt dette avskyelege?
11Har det vorte ei røvarhòle i dykkar auge, dette huset som namnet mitt er ropa ut over? Også eg kan sjå, seier HERREN.
12Gå til staden min som er i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den første tida, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hos folket mitt, Israel.
13Og no har de gjort alle desse gjerningane, seier HERREN. De ville ikkje høyra når eg tala til dykk seint og tidleg, og de svara ikkje når eg ropa på dykk.
14Difor vil eg gjera slik eg gjorde med Sjilo, mot det huset som namnet mitt er ropa ut over, og som de stolar på, den staden eg gav dykk og fedrane dykkar.
15Og eg vil kasta dykk bort frå mitt andlet slik eg kasta frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims ætt.
16Du skal ikkje be for dette folket, ikkje bera fram klage eller bøn for det og ikkje prøva å overtala meg, for eg vil ikkje høyra på deg.
17Ser du ikkje kva dei driv på med i Judas byar og på Jerusalems gater?
18Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg.
19Men er det meg dei krenkjer, seier HERREN, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?
20Difor seier Herren GUD: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.
21Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Legg brennoffer til slaktoffera dykkar og et kjøt!
22For eg sa ikkje noko om brennoffer og slaktoffer til fedrane dykkar, eg gav dei ikkje noko påbod om det då eg førte dei ut frå Egypt.
23Men dette bodet gav eg dei: «Høyr på mi røyst, så skal eg vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. Gå alltid på den vegen eg byd dykk, så skal det gå dykk vel.»
24Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Dei følgde sine eigne planar, sitt vonde og sjølvrådige hjarte. Dei gjekk bakover, ikkje framover.
25Frå den tid då fedrane dykkar drog ut frå Egypt og heilt til denne dag har eg sendt alle mine tenarar profetane til dei, seint og tidleg.
26Men dei ville ikkje høyra på meg og vende ikkje øyret til. Dei gjorde nakken stiv og var verre enn fedrane sine.
27Når du seier alle desse orda til dei, kjem dei ikkje til å høyra på deg. Når du ropar til dei, kjem dei ikkje til å svara.
28Då skal du seia til dei: «Dette er folkeslaget som ikkje ville lytta til HERREN sin Guds røyst og ikkje ta lærdom. Det er slutt på truskapen, han er borte frå deira munn.»
29Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! HERREN har forkasta og vraka den slekta han er harm på.
30For judearane har gjort det som er vondt i mine auge, seier HERREN. Dei har sett det motbydelege inn i det huset som namnet mitt er ropa ut over, og gjort det ureint.
31Dei har bygd Tofet-haugane i Ben-Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar.
32Difor, sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.
33Lika av dette folket skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på jorda, og ingen skal skremma dei bort.
34Eg gjer ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur i Judas byar og på Jerusalems gater. For landet skal leggjast i ruinar.