Jeremiah 51NO2011NN

1Så seier HERREN: Sjå, eg vekkjer ein øydeleggjande storm mot Babel og mot dei som bur i Leb-Kamai.

2Eg sender framande til Babel, dei skal reinsa henne som korn og leggja landet audt når dei går laus på det frå alle kantar på ulukkedagen.

3Bogeskyttaren skal ikkje spenna bogen og ikkje briska seg i brynja. Skån ikkje hennar unge menn, slå heile hæren med bann!

4I Kaldea skal dei drepast og falla, stikkast ned og liggja på gatene.

5For Israel og Juda er ikkje enkjer, forlatne av sin Gud, HERREN over hærskarane, endå landet deira er fullt av skuld mot Israels Heilage.

6Flykt frå Babel, berg dykk alle! Gå ikkje til grunne når byen får si straff. For dette er hemnens tid for HERREN, han gjev dei att for det dei har gjort.

7Babel var eit gullbeger i HERRENS hand, ho gjorde heile jorda drukken. Folkeslaga drakk av vinen, difor vart dei som galne.

8Brått er Babel fallen og knust. Sørg over henne! Hent balsam for såret hennar, kanskje kan det lækjast.

9«Vi prøvde å lækja Babel, men ho lét seg ikkje lækja. Forlat henne! Lat oss gå kvar til sitt eige land. For dommen over henne når til himmelen, han rekk opp til skyene.»

10HERREN har gjeve oss rett. Kom, lat oss fortelja på Sion kva HERREN vår Gud har gjort.

11«Kvess pilene, fyll koggera!» HERREN har vekt ein tanke hos kongane av Media, for planen hans er å øydeleggja Babel. Det er HERRENS hemn, hemnen for hans tempel.

12Lyft banneret mot Babels murar, styrk vakthaldet, set ut vakter og legg nokre i bakhald! For HERREN set i verk det han har planlagt, det han har sagt om dei som bur i Babel.

13Du som bur ved veldige vatn og er så rik på skattar, no er enden komen for deg, livstråden skal skjerast av.

14HERREN over hærskarane har svore ved seg sjølv: Eg skal fylla deg med menneske, mange som grashopper. Dei skal setja i jubelrop mot deg.

15Han laga jorda med si kraft, han grunnla verda i sin visdom og spente ut himmelen ved si innsikt.

16Når hans røyst høyrest, brusar vatnet i himmelen, han lèt skyer stiga opp frå enden av jorda, han lagar både lyn og regn, han lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

17Alle menneske er dumme og uforstandige. Kvar gullsmed må skjemmast av gudebiletet sitt, for det støypte biletet hans er løgn. Det er ikkje ånd i dei.

18Tomme er dei, eit verk til spott. Når straffa kjem, går dei til grunne.

19Han som er Jakobs del, er ikkje som desse, for det er han som formar alt. Israel er hans eigen stamme. HERREN over hærskarane er hans namn.

20Du er min hammar, mitt krigsvåpen. Med deg knuser eg folkeslag og øydelegg kongerike.

21Med deg knuser eg hest og ryttar, vogn og køyrekar.

22Med deg knuser eg mann og kvinne, gammal og ung, gut og jente.

23Med deg knuser eg gjetar og buskap, bonde og oksar for plogen, statthaldarar og stormenn.

24Framfor auga dykkar tek eg att mot Babel og mot alle som bur i Kaldea for alt det vonde dei gjorde mot Sion, seier HERREN.

25Sjå, eg kjem mot deg, du øydeleggjarfjell, seier HERREN, du som øydelegg heile jorda. Eg lyfter handa mot deg, velter deg ned frå klippene og gjer deg til eit utbrent fjell.

26Ingen skal ta stein frå deg til hjørnestein eller grunnmur, for du skal bli til ørken for alltid, seier HERREN.

27Lyft banneret på jorda, blås i horn mellom folkeslaga, helga folkeslaga til strid mot Babel! Kall kongerike saman mot henne, Ararat, Minni og Asjkenas. Set ein hærførar mot henne! Lat hestar rykkja fram som bustete grashopper!

28Helga folkeslaga til strid mot henne, kongane og statthaldarane i Media, alle stormennene der og kvart land i riket.

29Jorda skjelv og vrir seg, for no fullendar HERREN planane han har mot Babel: å gjera landet Babel til ei øydemark der ingen kan bu.

30Krigarane i Babel har halde opp å strida. Dei sit stille i borgene, kreftene deira har tørka ut, dei har vorte kvinner. Husa er sette i brann, bommane brotne sund.

31Sendebod spring mot sendebod, bodberar mot bodberar, for å fortelja kongen av Babel at byen er teken frå ende til annan.

32Vadestadene er tekne, og sumpane er brende med eld, krigarane er gripne av redsle.

33For så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Dotter Babel er som ein treskjeplass når han blir trampa ned. Det er berre ei lita stund att, så kjem hausttida for henne.

34Kong Nebukadnesar av Babel har ete meg, gjort ende på meg og sett meg bort lik eit tomt kar. Som eit sjøuhyre slukte han meg, fylte magen med mitt beste kjøt og spytta meg ut.

35Valden eg har kjent på kroppen, skal råka Babel, seier ho som bur i Sion. Lat mitt blod koma over dei som bur i Kaldea, seier Jerusalem.

36Difor seier HERREN: Sjå, eg fører di sak og tek hemn for deg. Eg legg havet hennar tørt og tørkar ut kjelda hennar.

37Babel skal bli ei steinrøys, ein stad der sjakalar held til, lagd aud og gjord til spott så ingen kan bu der.

38Alle brøler som unge løver og knurrar som løveungar.

39Når dei blir heite, steller eg til eit drikkelag for dei. Eg skjenkjer dei fulle så dei blir lystige, dei fell i ein evig søvn som dei ikkje skal vakna frå, seier HERREN.

40Eg fører dei til slakting som lam, som vêrar og bukkar.

41Teken er Sjesjak, hærteken er ho som var lovprisa over heile jorda! Ei skremsle har Babel vorte mellom folkeslaga!

42Havet har stige opp over Babel, ho er dekt av brusande bølgjer.

43Byane hennar har vorte til ørken, til eit tørt og livlaust land. Ikkje eit menneske bur i dei, ingen dreg igjennom dei.

44Eg straffar Bel i Babel. Det han har slukt, dreg eg ut or munnen hans. Folkeslag skal ikkje lenger koma strøymande til han. Også Babels mur er fallen.

45Mitt folk, far ut frå henne! Kvar og ein må berga sitt liv for HERRENS brennande vreide.

46Mist ikkje motet og ver ikkje redde når rykta går i landet, eit rykte det eine året og eit anna det neste. Vald rår på jord, og herskar står mot herskar.

47Difor, sjå, dagar skal koma då eg straffar gudebileta i Babel så heile landet blir til skamme og alle der blir drepne og fell.

48Himmel og jord og alt som er i dei, skal jubla over Babel når dei som herjar, rykkjer inn frå nord, seier HERREN.

49De som vart drepne i Israel: Også Babel skal falla slik dei som vart drepne over heile jorda, fall for Babels skuld.

50De som slapp unna sverdet, far bort, bli ikkje ståande her! Hugs på HERREN i eit land langt borte og tenk på Jerusalem!

51«Vi vart til skamme, måtte høyra spott, vanære dekte andleta våre; for framande har kome inn i heilagdomen, HERRENS hus.»

52Difor, sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då eg straffar gudebileta hennar; i heile landet skal dei såra stønna.

53Om Babel stig opp til himmelen og styrkjer si festning i det høge, skal eg senda folk som herjar henne, seier HERREN.

54Høyr skriket frå Babel, eit stort samanbrot i landet til kaldearane.

55Det er HERREN som herjar Babel og gjer ende på hennar kraftige røyst. Bølgjene brusar som veldige vatn, larmen gjev gjenlyd.

56For mot henne, mot Babel, kjem det ein som herjar; krigarane blir tekne til fange, og bogane deira blir knekte. For HERREN er ein Gud som gjer gjengjeld, han skal betala tilbake.

57Leiarane og vismennene deira skjenkjer eg fulle, og statthaldarane, stormennene og krigarane hennar. Då fell dei i ein evig søvn som dei ikkje skal vakna frå, seier kongen, HERREN over hærskarane er hans namn.

58Så seier HERREN over hærskarane: Babels breie murar skal jamnast med jorda og dei høge portane brennast. Folka strevar til inga nytte, det folkeslag har slite for, går opp i logar.

59Dette oppdraget gav profeten Jeremia til Seraja, son til Neria, Mahsejas son, då han drog til Babel saman med Juda-kongen Sidkia i det fjerde året han var konge. Seraja hadde ansvar for å få tak i husrom.

60Jeremia hadde skrive opp i ei bok alt det vonde som skulle koma over Babel, alle dei orda som her er skrivne om Babel.

61Jeremia sa til Seraja: Når du kjem til Babel, skal du syta for å lesa opp alle desse orda.

62Du skal seia: «HERRE, du har tala mot denne staden og sagt at du skal øydeleggja han så ingen kan bu der, korkje menneske eller dyr. Han skal bli til ein ørken for alltid.»

63Når du er ferdig med å lesa opp denne boka, skal du binda ein stein til henne, kasta henne ut i Eufrat

64og seia: «Slik skal Babel søkka og aldri koma opp att.» For eg sender ulukke over henne. Her endar orda til Jeremia.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.