Jeremiah 5NO2011NN

1Gå rundt i Jerusalems gater, sjå og forstå, leit på torga hennar og prøv å finna ein, ein einaste, som gjer rett og søkjer truskap, så eg kan tilgje byen.

2Dei seier «så sant HERREN lever», men sver likevel falskt.

3HERRE, auga dine ser etter truskap. Du slo dei, men dei kjende ikkje smerte, du gjorde ende på dei, men dei nekta å ta lærdom av det. Dei gjorde andleta hardare enn stein og nekta å venda om.

4Eg tenkte: Dei er berre små og tåpelege, for dei kjenner ikkje HERRENS veg, sin Guds rett.

5Eg vil gå til dei store og tala med dei, for dei kjenner HERRENS veg, sin Guds rett. Men dei har alle brote åket og slite lenkjene sund.

6Difor skal løva frå skogen slå dei ned, ulven frå øydemarka skal herja, ved byane ligg leoparden på lur, alle som går ut, blir rivne i hel. For brota deira er mange, gong på gong har dei falle frå.

7Kvifor skulle eg tilgje deg dette? Sønene dine har forlate meg og svore ved gudar som ikkje er gudar. Eg metta dei, men dei braut ekteskapet, i horehuset rispa dei seg opp.

8Dei er brunstige, velfødde hestar, kvar mann vrinskar etter kona til grannen.

9Skulle eg ikkje straffa dei for dette, seier HERREN, skulle eg ikkje hemna meg på eit folkeslag som dette?

10Gå opp på terrassane i vinmarka og øydelegg dei, men ikkje heilt! Ta bort vinrankene, for dei høyrer ikkje HERREN til.

11For dei har vore trulause mot meg, både Israels og Judas hus, seier HERREN.

12Dei fornektar HERREN og seier: «Han finst ikkje, ulukka kjem ikkje over oss, sverd og svolt skal vi ikkje sjå.

13Profetane skal bli til vind. Dei har ikkje ordet i seg. Slik skal det gå med dei.»

14Difor seier HERREN, allhærs Gud: Sjå, fordi de talar slike ord, gjer eg mine ord i din munn til ein eld og dette folket til ved som elden skal øyda.

15Sjå, Israels hus, eg sender mot dykk eit folkeslag frå det fjerne, seier HERREN. Det er eit mektig folkeslag, eit folk frå gammal tid. Du kjenner ikkje språket deira og skjønar ikkje kva dei seier.

16Pilkoggera deira er som ei open grav, krigarar er dei alle.

17Dei et kornet og brødet ditt, dei et sønene og døtrene dine, dei et småfeet og storfeet ditt, dei et vinstokkane og fikentrea dine. Festningsbyane dine, som du lit på, skal dei utsletta med sverd.

18Men jamvel i dei dagane, seier HERREN, vil eg ikkje øydeleggja dykk heilt.

19Når de spør: «Kvifor har HERREN vår Gud gjort alt dette mot oss?» — då skal du svara: «Slik de forlét meg og tente framande gudar i dykkar eige land, skal de no tena framande i eit land som ikkje er dykkar.»

20Kunngjer dette i Jakobs hus, og lat det høyrast i Juda:

21Høyr dette, du tåpelege og uvituge folk som har auge, men ikkje ser, og øyre, men ikkje høyrer.

22Fryktar de meg ikkje, seier HERREN, skjelv de ikkje for mitt andlet? Eg la sand til grense for havet, ei evig grense som det ikkje kjem over. Bølgjene slår, men klarer det ikkje, dei bryt, men slår ikkje over.

23Men dette folket har eit trassig og opprørsk hjarte, dei har vike av og gått bort.

24Dei seier ikkje i hjartet sitt: «Lat oss frykta HERREN vår Gud, han som gjev regn i rett tid, både haustregn og vårregn, og passar på vekene som er fastsette for oss til innhausting.»

25Men dette er kome i ulage på grunn av skulda dykkar, syndene held det gode borte frå dykk.

26For det finst urettferdige i folket mitt. Dei ligg på lur som fuglefangarar i dekning, set feller og fangar menneske.

27Som ei korg full av fuglar, slik er husa deira. Dei er fulle av svik. Difor har dei vorte store og rike,

28tjukke og feite. Det fløymer over av vonde ord: Dei dømmer ikkje rett så farlause kan vinna fram med si sak, og dei hjelper ikkje fattige til deira rett.

29Skulle eg ikkje straffa dei for dette, seier HERREN, skulle eg ikkje hemna meg på eit folkeslag som dette?

30Forferdelege og gruelege ting skjer i landet.

31Profetane spår løgn, prestane styrer etter deira råd, og folket mitt vil ha det slik. Men kva vil de gjera når dette tek slutt?

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.