Jeremiah 43NO2011NN

1Då Jeremia var ferdig med å seia til folket alle dei orda som HERREN deira Gud hadde sendt han med — alle desse orda,

2då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei skamlause mennene, til Jeremia: «Det er løgn, det du seier! HERREN vår Gud har ikkje sendt deg for å seia: Far ikkje til Egypt for å slå dykk ned som innflyttarar der.

3Det er Baruk, son til Neria, som set deg opp mot oss for at vi skal koma i hendene på kaldearane, og så kan dei drepa oss eller føra oss i eksil til Babel.»

4Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda HERREN og bli verande i Juda.

5Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og som ville slå seg ned som innflyttarar i Juda.

6Det var både menn, kvinner og born, kongsdøtrene og alle dei som livvaktsjefen Nebusaradan hadde late vera att hos Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, også profeten Jeremia og Baruk, son til Neria.

7Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda HERREN. Så kom dei til Tahpanhes.

8HERRENS ord kom til Jeremia i Tahpanhes:

9Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Tahpanhes medan nokre judearar ser på.

10Du skal seia til dei: Så seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: Sjå, no sender eg bod og hentar kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg skal setja hans trone over desse steinane som du har grave ned, og han skal slå tronhimmelen sin opp over dei.

11Han skal koma og slå Egypt — til død for den som tilhøyrer døden, til fangenskap for den som tilhøyrer fangenskapet og til sverd for den som tilhøyrer sverdet.

12Eg set eld på templa til gudane i Egypt, og han skal brenna dei opp og føra dei bort. Han plukkar egyptarane bort som ein gjetar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred.

13Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj i Egypt og brenna opp templa for gudane i Egypt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 43.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.