Bible

Say Goodbye

To Clunky Software & Sunday Tech Stress!

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jeremiah 37

:
Norwegian - NO2011NN
1 Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Kong Nebukadnesar av Babel gjorde han til konge i Juda.
2 Korkje Sidkia eller tenarane hans eller folket i landet ville høyra dei orda HERREN tala gjennom profeten Jeremia.
3 Kong Sidkia sende Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Maaseja, til profeten Jeremia for å seia: «Bed for oss til HERREN vår Gud!»
4 den tid var Jeremia fri til å ut og inn mellom folk; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.
5 No hadde faraos hær drege ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og braut opp frå byen.
6 kom HERRENS ord til profeten Jeremia:
7 seier HERREN, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Sjå, faraos hær, som har fare ut for å hjelpa dykk, vil venda attende til sitt land, til Egypt.
8 Og kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.
9 seier HERREN: De ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane dreg sikkert bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.
10 Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og det berre var att nokre hardt såra, kom dei til å reisa seg, kvar frå sitt telt, og brenna ned denne byen.
11 kaldearhæren hadde trekt seg tilbake frå Jerusalem grunn av hæren til farao,
12 gjekk Jeremia ut av Jerusalem for å til Benjamin-landet. Han skulle ordna med ein arv mellom folket der.
13 Men han kom til Benjamin-porten, møtte han ein vakthavande offiser som heitte Jeria, son til Sjelemja, Hananjas son. Han greip profeten Jeremia og sa: «Du vil over til kaldearane!»
14 «Det er løgn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje han. Han tok Jeremia og førte han til leiarane.
15 Dei vart sinte Jeremia, dei slo han og førte han som fange til huset til riksskrivaren Jonatan, for det hadde dei gjort om til fengsel.
16 Slik kom Jeremia i fangeholet i kjellaren, og der vart han sitjande i lang tid.
17 Kong Sidkia sende bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Er det kome noko ord frå HERREN?» «Det er det», svara Jeremia. «Du skal gjevast i hendene kongen av Babel.»
18 sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva synd har eg gjort mot deg og tenarane dine og dette folket sidan de har sett meg i fengsel?
19 Og kvar er no profetane dykkar, dei som profeterte at kongen av Babel ikkje ville mot dykk og dette landet?
20 Høyr no, herre konge! Lat mi bøn koma fram for deg! Send meg ikkje tilbake til riksskrivaren Jonatans hus, og lat meg ikkje døy der!»
21 sa kong Sidkia frå om at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, heilt til det var slutt brød i byen. Og Jeremia vart sitjande der i vaktgarden.