Bible

Engage

Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jeremiah 35

:
Norwegian - NO2011NN
1 Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN i dei dagane Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:
2 til huset til rekabittane og tal til dei! Ta dei med deg til eit av romma i HERRENS hus og gjev dei vin å drikka!
3 tok eg med meg Jaasanja, son til Jeremia, Habasinjas son, brørne hans og alle sønene hans og heile huset til rekabittane.
4 Eg tok dei med inn i HERRENS hus, i rommet til sønene av gudsmannen Hanan, son til Jigdalja. Det låg attmed rommet til leiarane, ovanfor rommet til dørvaktaren Maaseja, son til Sjallum.
5 sette eg fram mugger fulle av vin og drikkebeger for rekabittane. Eg bad dei drikka av vinen.
6 Men dei svara: Vi drikk ikkje vin. For far vår, Jonadab, son til Rekab, har forbode oss det og sagt: «De skal aldri drikka vin, korkje de eller borna dykkar.
7 De skal ikkje byggja hus eller korn og ikkje planta eller eiga vinmarker. I telt skal de bu alle dykkar dagar, de kan leva lenge i det landet der de er innflyttarar.»
8 Sidan har vi vore lydige mot alt det far vår Jonadab, son til Rekab, baud oss: I heile vårt liv har vi ikkje drukke vin, korkje vi eller konene våre eller sønene eller døtrene våre.
9 Vi har ikkje bygd hus til å bu i, og vi har korkje vinmarker, jorder eller såkorn,
10 men vi bur i telt. Vi har vore lydige og har gjort alt det far vår, Jonadab, baud oss.
11 Men kong Nebukadnesar av Babel rykte inn i landet, sa vi: «Kom, lat oss dra til Jerusalem, bort frå hærane til kaldearane og aramearane.» no bur vi i Jerusalem.
12 kom HERRENS ord til Jeremia:
13 seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: og sei til mennene i Juda og innbyggjarane i Jerusalem: Vil de ikkje ta imot lærdom og høyra mine ord? seier HERREN.
14 Boda som Jonadab, son til Rekab, påla sønene sine, har dei halde. Dei skulle ikkje drikka vin. Til denne dag har dei ikkje drukke vin, for dei lydde påbodet frå far sin. Men eg har tala til dykk både seint og tidleg, og de høyrde ikkje meg.
15 Eg sende alle tenarane mine, profetane, til dykk seint og tidleg og sa: «Vend om, kvar og ein frå sin vonde veg! Gjer gjerningane dykkar gode! De skal ikkje følgja andre gudar og ikkje tena dei! skal de bu i det landet eg gav dykk og fedrane dykkar.» Men de vende ikkje øyret til og ville ikkje høyra meg.
16 Sønene til Jonadab, son til Rekab, har halde det ordet som far deira gav dei, men dette folket ville ikkje høyra meg.
17 Difor seier HERREN, allhærs Gud, Israels Gud: Sjå, eg vil føra over Juda og alle som bur i Jerusalem, alt dette vonde som eg har truga dei med. For dei høyrde ikkje eg tala til dei, og svara ikkje eg ropa dei.
18 Men til huset åt rekabittane sa Jeremia: seier HERREN over hærskarane, Israels Gud: De lydde ordet frå Jonadab, far dykkar. De heldt alle orda hans og gjorde alt det han baud dykk,
19 og difor, seier HERREN over hærskarane, Israels Gud, skal Jonadab, son til Rekab, aldri mangla menn som står for mitt andlet.