Jeremiah 30NO2011NN

1Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN:

2Så seier HERREN, Israels Gud: Skriv opp i ein bokrull alle dei orda eg har tala til deg!

3For sjå, dagar skal koma, seier HERREN, då eg vender lagnaden for mitt folk Israel og Juda, seier HERREN, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan eiga det.

4Dette er orda som HERREN har tala om Israel og Juda:

5Så seier HERREN: Vi høyrer eit rop av redsle, det er frykt, ingen fred.

6Berre spør deg føre og sjå! Kan ein mann føda born? Kvifor ser eg då at alle menn held hendene på hoftene som fødande kvinner, kvifor er kvart andlet vridd og bleikt?

7Ve! Stor er denne dagen, han har ikkje sin like. Det er ei trengselstid for Jakob, men han skal koma frelst igjennom.

8Den dagen, seier HERREN over hærskarane, skal eg bryta åket på nakken din og slita lenkjene dine sund. Dei skal ikkje lenger vera slavar for framande,

9men dei skal tena HERREN sin Gud og David, kongen sin, som eg vil reisa opp for dei.

10Ver ikkje redd, du Jakob, min tenar, seier HERREN, mist ikkje motet, Israel! For sjå, eg bergar deg frå fjerne stader og ætta di frå landet der ho er fanga. Jakob skal venda attende og leva roleg og trygt, og ingen skal skremma han.

11For eg er med deg, seier HERREN, og vil frelsa deg. Eg gjer ende på alle folkeslaga som eg har spreidd deg imellom, men deg gjer eg ikkje ende på. Eg tuktar deg med rette og lèt deg ikkje sleppa straff.

12For så seier HERREN: Uboteleg er brotet ditt, ulækjande er slaget.

13Ingen fører saka di. Det finst ikkje lækjemiddel som får såret ditt til å gro.

14Alle elskarane dine har gløymt deg, dei spør ikkje lenger etter deg. Som ein fiende har eg slege deg, og nådelaust har eg tukta deg, for skulda di var stor og syndene dine mange.

15Kvifor skrik du om brotet ditt, om di ubotelege smerte? Fordi skulda di er stor og syndene dine mange, har eg gjort dette mot deg.

16Difor skal alle som slukte deg, sjølve bli slukte, alle motstandarane dine skal takast til fange. Og dei som plyndra deg, skal sjølve bli plyndra; alle som rana deg, gjev eg til rov.

17Eg lèt såra dine gro og lækjer slaga du fekk, seier HERREN, du som vart kalla Ho som er driven bort, Sion, som ingen spør etter.

18Så seier HERREN: Sjå, eg vil venda lagnaden til Jakobs telt og visa miskunn mot hans bustader. Kvar by skal byggjast på sin ruinhaug, kvar borg skal stå på sin rette stad.

19Frå dei skal det lyda lovsong og latter. Eg gjer dei fleire, ikkje færre, eg gjev dei ære, dei skal ikkje vanvørdast.

20Borna hans skal vera som før, forsamlinga skal stå fast for mitt andlet. Eg vil straffa alle som undertrykkjer dei.

21Den fremste i folket skal vera ein av deira eigne, herskaren skal koma frå dei sjølve. Eg lèt han koma og stiga fram for meg. For kven vil elles gje hjartet i pant for å nærma seg meg? seier HERREN.

22Då skal de vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.

23Sjå, no bryt harmen ut som eit uvêr frå HERREN, ein storm fer av stad og kvervlar mot hovuda til dei urettferdige.

24HERRENS brennande vreide legg seg ikkje før han har utført og sett i verk planane i sitt hjarte. I komande dagar skal de få innsikt i dette.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 30.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.