Jeremiah 17NO2011NN

1Judas synd er skriven opp med jerngriffel og rissa inn med diamantstift på deira hjartetavle og på altarhorna,

2medan borna deira minnest altara og Asjera-pålane dei hadde under frodige tre og på høge haugar,

3fjella på marka. Din rikdom, alle skattane dine og offerhaugane dine gjev eg til plyndring på grunn av synda i heile ditt land.

4Av deg sjølv må du seia frå deg den eigedom eg gav deg. Eg gjer deg til slave for fiendane dine i landet du ikkje kjenner. For de har kveikt vreiden min, han skal brenna for alltid.

5Så seier HERREN: Forbanna er den mann som stolar på menneske og søkjer sin styrke i kjøt og blod og vender hjartet bort frå HERREN.

6Han blir lik ein busk i øydemarka, han får ikkje sjå det gode koma, han held til i ein ørken av stein, i det salte landet der ingen bur.

7Velsigna er den mann som stolar på HERREN og set si lit til han.

8Han er lik eit tre som er planta attmed vatn og strekkjer røtene mot bekken. Det fryktar ikkje når heten kjem, lauvet er grønt. Det engstar seg ikkje i tørketider og held ikkje opp med å bera frukt.

9Hjartet er meir svikefullt enn noko anna, det kan ikkje lækjast. Kven kan skjøna det?

10Eg, HERREN, er den som granskar hjarte og prøver nyrer. Eg løner kvar mann etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar

11Ei rapphøne som ligg på egg ho ikkje sjølv har vorpe, er den som skaffar seg rikdom med urett. Midt i livet må han gå frå han og står der til sist som ein narr.

12Ei herleg trone, opphøgd frå den første tid, er staden der vår heilagdom står.

13HERRE, du Israels von, alle som forlèt deg, skal bli til skamme, dei i landet som vender seg frå deg, skal skrivast opp. For dei har forlate HERREN, kjelda med levande vatn.

14Læk meg, HERRE, så blir eg lækt, frels meg du, så blir eg frelst. For du er min lovsong.

15Sjå, dei seier til meg: «Kvar er HERRENS ord? Lat det koma!»

16Men eg har ikkje trygla deg om å senda noko vondt, eg har ikkje lengta etter ein ulukkedag. Du veit kva leppene mine har sagt, det er rett framfor deg.

17Bli ikkje til redsle for meg! Du er mi tilflukt når ulukka kjem.

18Lat forfølgjarane bli til skamme og ikkje eg. Lat dei bli slegne av redsle og ikkje eg! Lat ein ulukkedag koma over dei, knus dei dobbelt!

19Dette sa HERREN til meg: Gå og stå i Folkeporten, der Judas kongar går inn og ut, og i alle portane i Jerusalem,

20og sei til dei: Høyr HERRENS ord, de Juda-kongar, heile Juda og alle som bur i Jerusalem, de som går inn gjennom desse portane.

21Så seier HERREN: Så sant de har livet kjært, akta dykk for å bera noka bør på sabbatsdagen og koma inn gjennom Jerusalems portar med henne.

22De må ikkje bera noko ut or husa dykkar på sabbatsdagen og ikkje gjera noko arbeid. De skal halda sabbatsdagen heilag, slik eg baud fedrane dykkar.

23Men dei høyrde ikkje og vende ikkje øyret til, dei gjorde nakken stiv og lydde ikkje og tok ikkje imot formaning.

24Dersom de høyrer på meg, seier HERREN, og ikkje ber noka bør inn gjennom portane i denne byen på sabbatsdagen, men held sabbatsdagen heilag og ikkje gjer noko arbeid,

25då skal kongar og fyrstar som sit på Davids trone, og som køyrer med hestar og vogner, få koma inn gjennom portane i denne byen, både dei og stormennene deira, mennene i Juda og dei som bur i Jerusalem. Denne byen skal stå til evig tid.

26Då skal dei koma frå byane i Juda og landet kring Jerusalem, frå Benjamin-landet, låglandet, fjellandet og Negev for å bera fram brennoffer, slaktoffer, grødeoffer og røykjelse og koma med takkoffer til HERRENS hus.

27Men om de ikkje vil høyra på meg og halda sabbatsdagen heilag, men ber bører og kjem inn gjennom Jerusalems portar med dei på sabbatsdagen, då set eg eld på portane. Han skal øyda borgene i Jerusalem, han skal ikkje slokna.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.