Isaiah 54NO2011NN

1Jubla, du barnlause som ikkje fødde, bryt ut i jubelrop, du som ikkje fekk rier! For ho som er forlaten, får fleire born enn ho som har mann, seier HERREN.

2Lag større plass i teltet ditt, spenn teltdukane ut, spar ikkje på dei, gjer snorene lange, slå pluggane fast!

3For til høgre og venstre skal du breia deg ut. Di ætt skal driva ut folkeslag og bu i byar som låg aude.

4Ver ikkje redd, du skal ikkje bli til skamme. Lat deg ikkje audmjuka, for du skal ikkje bli vanæra. For din ungdoms skam skal du gløyma, din enkjestands vanære skal du ikkje lenger hugsa.

5For han som laga deg, er din ektemann, HERREN over hærskarane er hans namn. Han som løyser deg ut, er Israels heilage, han blir kalla Gud for heile jorda.

6Forlatne og sorgfulle kvinne, HERREN kallar på deg. Kan ein forkasta sin ungdoms kvinne? seier din Gud.

7Ein liten augneblink forlét eg deg, men i mi store miskunn tek eg deg tilbake.

8Medan harmen fløymde, løynde eg andletet for deg ein augneblink, men med evig godleik vil eg miskunna meg over deg, seier HERREN, som løyser deg ut.

9For meg er dette som Noah-flaumen. Slik eg svor at Noah-flaumen aldri meir skulle koma over jorda, slik sver eg no at eg aldri meir skal bli harm på deg og truga deg.

10For om fjella vik og haugane vaklar, skal min godleik aldri vika frå deg, mi fredspakt skal ikkje vakla, seier HERREN, som viser deg miskunn.

11Du hjelpelause og forblåsne som ikkje finn trøyst! Sjå, eg legg ein grunnvoll for deg av edelsteinar og byggjer grunnmuren din med safirar.

12Murtindane gjer eg av rubinar, portane dine av krystallar og heile ringmuren av kostesame steinar.

13Alle dine born skal lærast opp av HERREN; stor blir freden for borna dine.

14Ved rettferd skal du vera grunnlagd, langt borte frå undertrykking. For du skal ikkje vera redd, og øydelegging skal ikkje nå deg.

15Sjå, om nokon går til åtak, kjem det ikkje frå meg. Den som går til åtak på deg, skal falla for di hand.

16Sjå, det er eg som har skapt smeden som pustar til kolelden og lagar våpen til alle slags bruk. Det er eg som har skapt øydeleggjaren til å skada.

17Kvart våpen som er smidd mot deg, skal mislukkast. Kvar tunge som talar mot deg i retten, skal du kjenna skuldig. Dette er arven HERRENS tenarar får, rettferda som eg gjev dei, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 54.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.