1Den dagen skal HERREN straffa med sitt harde og store og sterke sverd den flyktande slangen Leviatan, den buktande slangen Leviatan. Han skal drepa uhyret i havet.
2Den dagen skal dei seia: Syng om den herlege vingarden!
3Eg, HERREN, vaktar han og vatnar han til alle tider. Eg vaktar han dag og natt så ingen skal skada han.
4Harm er eg ikkje, men om han gjev meg torn og tistel, vil eg gå til strid og brenna opp alt saman,
5om han ikkje søkjer vern hos meg og sluttar fred, ja, sluttar fred med meg.
6I dagar som kjem, skal Jakob slå rot, Israel skal veksa og bløma og fylla jorda med grøde.
7Har han slege dei slik han slo han som slo dei? Eller vart dei drepne slik dei som drap dei, vart drepne?
8Ved å skremma dei opp og jaga dei bort gjekk du i rette med dei. Han dreiv dei bort med sin sterke storm på austavindsdagen.
9Slik skal Jakobs skuld sonast, dette er fruktene av at synda hans blir teken bort: Kvar altarstein skal bli knust som kalkstein. Asjera-pålane og røykjelsesaltara skal ikkje bli ståande.
10Einsam er festningsbyen, ein folketom buplass, forlaten som ein ørken. Der beiter kalven, han legg seg og et opp kvar kvist.
11Når greinene tørkar, blir dei knekte. Kvinner kjem og tenner opp med dei. Dette er ikkje eit folk med forstand. Han som laga det, vil ikkje ha medkjensle, han som forma det, vil ikkje vera nådig.
12På den dagen skal HERREN slå korn ut av aksa frå Storelva til Egyptarbekken, og de israelittar skal samlast inn ein og ein.
13Den dagen skal dei blåsa i eit stort horn. Og dei bortkomne i Assur og dei som er spreidde omkring i Egypt, skal koma og tilbe HERREN på det heilage fjellet i Jerusalem.