Isaiah 25NO2011NN

1HERRE, du er min Gud. Eg lovsyng deg og prisar ditt namn. Du har gjort under slik du planla i gammal tid, i truskap og sanning.

2Byen gjorde du til ei steinrøys, festningsbyen til ein ruin. Borga til dei framande er ingen by meir. Aldri skal ho byggjast opp att.

3Difor skal eit mektig folk gje deg ære, folkeslag i valdsmenns by skal frykta deg.

4Du vart eit vern for dei veike, eit vern for dei fattige i deira naud, ei livd mot styrtregn, ein skugge mot heten. For pusten frå valdsmenn er som styrtregn mot muren,

5som hete i eit uttørka land. Du får larmen frå dei framande til å stilna. Som ei sky gjev skugge mot heten, vart songen til valdsmenn dempa.

6På dette fjellet skal HERREN over hærskarane gjera i stand for alle folk eit festmåltid med feite retter, eit festmåltid med gammal vin, med feite, mergfulle retter og gammal, klåra vin.

7På dette fjellet skal han sluka sløret som slører til alle folk, dekket som dekkjer til alle folkeslag.

8Han skal sluka døden for evig. Herren GUD skal tørka tårene frå kvart andlet. Frå heile jorda skal han ta bort vanæra til folket sitt. For HERREN har tala.

9Den dagen skal dei seia: «Sjå, dette er vår Gud! Vi vona på han, og han frelste oss. Dette er HERREN, vi vona på han. Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»

10For HERRENS hand skal kvila over dette fjellet. Men Moab skal han trakka ned slik halm blir trakka ned i gjødselvatn.

11Der strekkjer han ut hendene lik ein symjar som legg på sum. Men Gud slår hans hovmod ned sjølv om han kavar med hendene.

12Dine høge festningsmurar bryt han ned, riv dei ned til dei ligg på jorda, i støvet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.