1Bodskap om Tyros. Klag, de Tarsis-skip! Alt utsletta, husa borte! Då dei kom frå kittearlandet, fekk dei sjå det.
2Ver stille, de som bur ved kysten, de kjøpmenn frå Sidon! Sendeboda dine drog over havet,
3over dei veldige vatna. Sjihors såkorn og Nilens kornhaust gav byen inntekt, han var marknadsplassen til folka.
4Skam deg, Sidon, du festning ved havet! For havet seier: «Eg har ikkje rier og føder ikkje, eg fostrar ikkje gutar og oppdreg ikkje jenter.»
5Når egyptarane får høyra om det, skal dei skjelva som då dei høyrde om Tyros.
6Dra over til Tarsis, klag, de som bur ved kysten!
7Er dette den jublande byen dykkar, han som vart til i den eldste tida og førte sitt folk på raske føter til fjerne stader der dei kunne bu?
8Kven har planlagt dette mot kroningsbyen Tyros, der kjøpmennene var fyrstar, der kremmarane var dei fornemste på jorda?
9HERREN over hærskarane har planlagt det for å audmjuka alt som er stort og stolt, og vanæra alle dei fornemme på jorda.
10Dyrk jorda di slik dei gjer langs Nilen, du Tarsis-dotter! Her finst ikkje lenger noka hamn.
11HERREN har strekt si hand ut over havet og fått kongerike til å skjelva. Han har gjeve påbod om at festningane i Kanaan skal utslettast.
12Han sa: Du skal ikkje jubla meir, dotter Sidon, du mishandla jomfru. Stå opp og dra til kittearane! Heller ikkje der skal du finna ro.
13Sjå kaldearlandet! Dei er folket, ikkje Assur. Dei overlét byen til ørkendyr, dei reiste sine kringsetjingstårn, jamna borgene med jorda og la byen i grus.
14Klag, de Tarsis-skip, for festninga di er øydelagd.
15På den tid skal Tyros bli gløymd i sytti år, så lenge som ein konge lever. Men når dei sytti åra er lidne, skal det gå Tyros som det heiter i visa om hora:
16Ta di lyre og gå rundt i byen, du gløymde hore. Spel vakkert, syng alt du kan, og folk vil minnast deg.
17Når dei sytti åra er lidne, skal HERREN ta seg av Tyros. Då skal byen atter få horepengar og driva hor med alle kongerike på jorda.
18Men den vinning og løn som byen får, skal vera heilag for HERREN. Det skal ikkje samlast og ikkje gøymast. Dei som bur framfor HERRENS andlet, skal få denne fortenesta, så dei kan eta seg mette og kle seg flott.