Hebrews 6NO2011NN

1Difor må vi gå vidare frå det første vi lærte om Kristus, fram mot full mogning. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen med omvending frå døde gjerningar og tru på Gud,

2med undervising om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og om evig dom.

3Slik skal vi gå vidare, om Gud vil.

4Når nokon ein gong har vorte opplyst og har smaka den himmelske gåva og fått del i Den heilage ande,

5har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda,

6og så fell frå, då er det umogleg at dei igjen kan fornyast til omvending. Dei krossfester Guds Son på nytt og gjer han til spott.

7Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud.

8Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.

9Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken til namnet hans som de har vist med å tena dei heilage, no som før.

11Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona.

12Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.

13Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved.

14Han sa: « Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende. »

15Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han.

16Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar.

17Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid.

18Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast — og Gud kan ikkje lyga — skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning.

19Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget,

20dit Jesus har gått i førevegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest av same slag som Melkisedek.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.